Han starta sesongen i Aureelva i Sykkylven, ei av få elvar på Sunnmøre som opnar i dag. For på Sunnmøre er det 15.juni som er vanlegaste opningsdatoen, ikkje 1. juni som elles i landet.

- Eg har fått min første i år, og er glad for det, seier Raymond Walderhaug.

Finveginga viste 2,95 kilo, men i laksekrinsar er det vanleg å rekne inn litt blodtap, så dermed kan fisken passere som laks, ikkje pjakk. Det vil seie over tre kilo. Fisken beit på makk, litt ut på morgonen. Då var dei fleste andre fiskarane gått ut av elva.

- Her var vel ei 10-15 fiskarar då vi starta klokka 0500, og det gjekk ikkje lenge før den første var på land. Men eg veit ikkje om andre som har fått noko, fortel Walderhaug.

Walderhaug fortel at han helst fiskar på Sunnmøre, i elvar som Valldøla, Stordalselva og Tennfjordelva.

- Eg er ikkje av dei tullingane som reiser til Trøndelag. Eg har to kompisar der, men eg er usikker på om dei har fått noko.

Etter ein sjekk på mobiltelefonen kjem svaret. Der ligg bilete av ein skikkeleg storlaks.

- Oj, der hoppa ein i fossen, seier han midt i intervjuet.

- Du har ikkje tenkt å gi deg enno?

- Nei, eg skal ikkje på jobb før i ettermiddag.

Også Eidselva i Nordfjord opna i dag. Her vart det meldt om at det vart tatt fem laksar opningsnatta.