Denne veka vart store graner på hjørnet mellom Fylkesveg 60 og Bygdevegen felt.

– Det gir grunn til å heise flagget, seier ein glad rektor Bjørn Helge Nygård til Sunnmøringen.

Trafikktryggleik

Skulen har i lengre tid sett trafikktryggleik på dagsorden, og ein har kome med fleire forslag om korleis ein kan oppnå dette. Eit av tiltaka har vore å fjerne dei store granene som har gjort krysset ved skulen svært uoversiktleg. Mange skuleborn nyttar går kvar dag over fotgjengarfeltet ved krysset, der det er stor trafikk av store bilar.

Samarbeid med grunneigar

– Takka vere godvilje frå eigaren av eigedomen der granene står, har vi fått gjere skulevegen tryggare, seier rektoren, som legg til at fleire graner ved brua også skal bort. Dessutan skal tilkomsten til parkeringsplassen ved skulen leggjast utanom skuleporten, og ikkje som i dag då ein må køyre inn på skuleplassen for å parkere. Planen er også at plassen ved bedehuset skal gjerast meir tilrettelagt for bilar som parkerer der.

Rektor Bjørn Helge Nygård er svært nøgd med velviljen frå grunneigaren som har gått med på å fjerne trea i krysset. Foto: Johan Behrentz
Om kort tid blir vegen inn til denne parkeringsplassen lagt om slik at ein ikkje lenger treng å køyre inn på skuleplassen. Foto: Johan Behrentz
Store grantre ved snuplassen til bussar ved brua skal bort. Foto: Johan Behrentz