No håper paret som bur på Haugen i Stad kommune at det å dele sine erfaringar frå den vanskelege tida kan vere til hjelp for andre.

– Ingen grunn til uro

Sigurd Reksnes er bonde. Han driv med sau og er medeigar i samdrifta i bygda innan mjølkeproduksjon. Han er også engasjert både som fylkespolitikar og i lokalpolitikken.

Sigurd er sauebonde og hadde planar om å bygge på fjøsen på garden. Foto: Privat

I 2019 kjente han at det var eit eller anna som ikkje stemte. Han var 42 år, hadde aldri hatt helseutfordringar og knapt tatt ein paracet. Han gjekk til legen fleire gongar året etter. Kvar gong var tilbakemeldinga etter helsesjekkane at blodprøvene var normale.

– Legen såg ingenting som gav grunn til uro. Men det blei ikkje betre, og eg gjekk til lege fleire gongar i fjor også. Det var det same kvar gong: Du er ikkje sjuk. Kanskje du er overarbeidd? Eg slo meg litt til ro med det, seier Sigurd.

Heilt til heile familien fekk omgangssjuke ved skulestart i 2021. Alle blei friske igjen. Men ikkje Sigurd.

– Eg hadde vore så mykje til legen at eg etter kvart følte meg som ein hypokonder. Men då hadde eg ei maratonveke med møte i Bergen og Oslo framfor meg, og visste at eg ikkje ville klare å gjennomføre.

Han ringde legekontoret igjen.

– Eg blei sjukmeld over telefon, og blei eigentleg veldig skuffa over det. At det skjedde over telefon utan konsultasjon. Eg var heime den veka, og blei litt betre av å slappe av. Men eg var absolutt ikkje bra. Dette går ikkje lenger, tenkte eg.

Sigurd som ikkje hadde hatt utfordringar med helsa tidlegare, følte seg dårleg og gjekk fleire gongar til lege for å få sjekka ut kva det kunne vere. – Etter kvart følte eg meg som ein hypokonder, seier han. Foto: Privat

Bytta fastlege

Han gjekk inn på helsenorge.no og skifta fastlege. Han fekk ein ny lege som blei veldig engasjert.

– Det var godt. Eg hadde nok følt at eg ikkje blei tatt på alvor før dette.

Nye blodprøver blei tatt, og eit røntgenbilde. Det var ikkje stor grunn til uro, men det kunne kanskje vere ein infeksjon? Legen ville uansett ha han til spesialist.

Det begynte å nærme seg jul og planen var tur til Polen for å besøke familien til Jagoda.

– Eg hadde ikkje fått innkalling enno, men eg ringde sjukehuset og spurde om det var mogleg å komme før vi reiste. Det fekk vi.

Dagen som endra alt

Det første Sigurd fekk sett opp var ei CT-undersøking på Nordfjordeid. Etter denne reiste han heim. Han gjekk inn i eit digitalt møte i fylkestinget. Telefonen ringde kort tid etter møtestart. Helse Førde lyste mot han på telefonen.

– Mannen presenterte seg som overlege med mjuk stemme. Han sa dei hadde sett ting på CT-bilda som gjorde at dei ville ha meg til Førde dagen etter. Eg gjekk ned i stova.

Overlegen meinte det var best om dei kunne snakke om detaljane på sjukehuset, men Sigurd pressa på for å få vite med ein gong kva dei såg. Overlegen sa då at dei såg ting fleire stadar i kroppen. Han måtte utgreiast for kreft.

– Eg hadde mykje væske som låg mellom brysthinnene og pressa mot lungene, og at det måtte tappast ut med ein gong. Eg hadde gått så mykje til legen og høyrt så ofte at det ikkje var grunn til å vere bekymra. Å få ein sånn beskjed no var knusande.

Heldigvis var Jagoda heime.

Sigurd og Jagoda blei kjærastar i vaksen alder. Ho hadde vore på fleire sommarbesøk hos tanta si på Stårheim tidlegare, og blei meir og meir glad i Norge. I 2014 bestemte Jagoda seg for å flytte frå Warszawa.

– Det var her eg følte meg heil. Og så viste det seg at det var plass til ein annan kjærleik også. Eg trefte Sigurd etter berre nokre månadar i Norge, smiler ho.

– Og vi har budd saman sidan det, smiler Sigurd.

Jagoda møtte Sigurd etter at ho hadde flytta til Norge. No er familiegarden deira fellesprosjekt. Foto: Privat

Dei gifta seg i 2017. Han veit kor heldig han er som har hatt kona gjennom heile denne perioden.

– Ho er min største støttespelar og eg hadde aldri klart dette utan henne, seier han og ser bort på kona.

I den koselege, fargerike stua heng kunst laga av Jagoda og jentene Ida og Silje. På eine veggen heng familiebilde som viser dei tette banda til foreldre, søsken, nevøar og nieser.

– Alt raste saman

Det var i stua dei var då livet deira blei forandra på nokre få sekund.

Ekteparet synst det er vanskeleg å snakke om denne dagen. Men Jagoda prøver.

– Du sat på sofaen. Det var så uverkeleg. Alt raste saman. Sjølv om ein ikkje forstår kva beskjeden ein nettopp har fått inneber, forstår ein fort og intuitivt at alt det vi har hatt, vil vi aldri finne igjen. Det blei kaos. Det var heilt tomt rundt oss. Alt forsvann.

Dei visste ikkje korleis dei skulle handtere eller bearbeide det.

– Ordboka blir for fattig til å beskrive kjenslene og alt som skjer inni oss. Det fanst ikkje ord for dette.

Dei sov ikkje den natta. Dagen etter køyrde dei til Førde. Sigurd tenkte at dette blir den verste dagen i livet hans.

– Dagen med fleire undersøkingar og konsultasjonar med mange spesialistar var tøff. Men eg følte at dei slapp alt dei hadde i henda for å hjelpe meg. Vi fekk også ein eigen veldig omsorgsfull sjukepleiar som rettleia oss heile denne lange dagen.

Dei utvida blodprøvene viste saman med bileta frå CT og biopsi aggressiv prostatakreft med spreiing.

– Det er vanskeleg å snakke om dette. Sjølv om eg har snakka gjennom det fleire gongar, er det tøft, seier Sigurd og må stoppe opp for å hente seg inn igjen. Jagoda tar handa hans som ho har gjort fleire gongar gjennom samtala. Foto: Kjellrun Åsebø

Eit tungt livskapittel

Det blei unntakstilstand.

– Du får sjokk og du blir heilt på sida av deg sjølv. Men det aller tyngste var å fortelje det til ungane som då var 4 og 13 år, seier Sigurd.

Dei fekk råd om å vere heilt opne med barna og den næraste familien.

– Det var tungt og vanskeleg. Vi fekk litt rettleiing og snakka om korleis vi skulle fortelje det til ungane. Barn forstår ofte så mykje meir enn vi trur, seier Jagoda.

Det blei ei annleis jul, og dei venta med å fortelje det til fleire enn foreldra til Sigurd, Astrid og Jens, og til svigerfamilien slik at dei andre slapp å tenke på det gjennom høgtida.

– Då det nærma seg nyttår, begynte eg å ringe rundt til familie og vennar. Det var utruleg tøffe samtaler å ta, seier Sigurd.

I ettertid er han glad for at han gjorde det.

– Eg ville formidle det sjølv. Det gjer det enklare for dei du snakkar med å forstå. Dei får moglegheita til å gje deg den støtta du faktisk treng i ein sånn periode.

Informerte alle

Sigurd varsla så alle organisasjonane han hadde verv i, samdrifta på Haugen og sa frå seg fylkesleiarvervet i Senterpartiet.

Så kom hormonbehandling, seks rundar med cellegiftkurar, 15 rundar med stråleterapi i Bergen i tillegg til kortisonbehandling.

Jagoda og jentene besøker Sigurd på sjukehuset. – Eg tenker ofte på dei som står i ei livskrise utan å få den støtta dei treng, seier han. Foto: Privat

Høgdose med kortison og kvalmedempande medisin saman med cellegifta var eit totalt sjokk for heile systemet, fortel Sigurd.

– Ein lærer seg nokre triks undervegs, og det gjekk betre etter nokre rundar. Men for kvar runde med cellegift, jo meir nedbroten blir kroppen. Og den siste runda var fæl. Så kom strålebehandlinga. Ein blir sett ut av spel og kroppen blir knekt fullstendig ned, seier Sigurd.

I denne perioden måtte Jagoda fylle rolla som pårørande så godt ho kunne. Vere ei støtte, fokusere på gode dagar for døtrene og finne ut korleis bygge opp familielivet på nytt. Sjølv var ho i same periode gjennom ein kneoperasjon som fekk komplikasjonar.

Jagoda og Sigurd måtte bygge opp familielivet på nytt etter telefonsamtala som snudde opp ned på alt. Foto: Kjellrun Åsebø

Jagoda blei sjukmeldt i nesten i eitt år.

– Sigurd er sjølvstendig næringsdrivande, og då er det ikkje lett å bli sjuk. Eg var ikkje i stand til å fungere utanfor huset, sjølv om eg var saman med folk som var glad i meg og eg var glad i dei. Det var så mykje som måtte ordnast.

Forståinga ho fekk frå omverda, vennar, og ikkje minst frå arbeidsgjevar, for at ho trong tid og rom for å finne vegen vidare, er ho takknemleg for.

– Det var heilt nødvendig for meg. Eg trur eg kom raskare i ein slags balanse og tilbake i jobb av den grunn.

Å vere pårørande er vanskeleg og krev mykje. Dette bildet tok Jagoda i desember. Det blei eit viktig bilde for henne fordi sola minte henne på at ein må finne lys i mørket og skape gode minne. Foto: Privat

– Ta imot hjelp og støtte

Dei er begge takknemlege for all hjelp og støtte dei har fått. Broren til Sigurd, Asgeir, og svigerinna Vigdis, søstera til Jagoda og foreldra til Sigurd som bur på garden var ei stor støtte.

– I fjøsen hadde vi 300 lam vi skulle ta i mot i april, og vi hadde ikkje sjanse å få ordna med alt. Ida Elisabeth Lien og Jan Kåre Ravnøy kom og tok alle nattevaktene under lamminga. Det hadde aldri gått utan dei, seier Sigurd.

Den største forandringa i livet deira var at dei innsåg at dei måtte ha hjelp. Og akkurat det rådet er veldig viktig for Sigurd og Jagoda å få fram til andre i ein liknande situasjon.

– Lat folk hjelpe, og ta imot den hjelpa folk tilbyr. Innsjå at du treng støtte medan du er i behandling. For oss har familie og vennar vore uvurderlege. Eg klarer ikkje å sjå for meg korleis eg skulle ha klart dette åleine, seier Sigurd.

Då Sigurd blei sjuk innsåg Jagoda og Sigurd at dei trengde hjelp, blant anna på garden. Dei er veldig takknemlege for all familie og vennar som stilte opp. Foto: Kjellrun Åsebø

Stå på krava for di eiga helse

Sigurd er også glad for at han ikkje slo seg til ro med svara til legen, men tok nye grep og fortsette å følge opp eiga helse.

Av dei 5.000 mennene som får prostatakreft i landet i året er 90 prosent av dei over 60 år. Berre éin prosent er under 50 år. Sigurd var 44 år då han fekk diagnosen, og har fått vite i ettertid at PSA-prøver ikkje er ein del av den vanlege helsesjekken på yngre menn.

– Det er veldig vanskeleg å tenke på at det ikkje blei sjekka ut, og kanskje oppdaga, når eg gjekk så mykje til legen som eg gjorde. Vi har stilt oss spørsmålet kva utfallet hadde vore om desse utvida blodprøvene faktisk hadde blitt tatt tidlegare. Men det svaret får vi aldri, seier Sigurd.

Angrar ikkje på openheita

Etter at han og familien deltok i Kreftforeininga sin «Stafett for livet» førre månad, bestemte han seg for å skrive om kreften.

– At eg var sjuk var godt kjent i bygda. Ikkje det at eg har hatt så mykje hår før heller, men då eg dreiv på med kurane, viste det jo litt på meg, smiler Sigurd.

– Eg følte det var ei stor belastning å skulle begynne å gjenta om og om igjen kva som feilte meg og kva som skjer. På stafetten snakka eg med ei som hadde brukt Facebook til å informere alle.

– Det var arrangementet Stafett for livet som gjorde at eg la ut ein post på Facebook for å støtte dei som har kreft sjølv, pårørande og dei som har mista nokon. Det var eit flott arrangement og fellesskapet er sterkt, seier han. Foto: Privat

Sigurd innrømmer at han var usikker før han la ut posten.

– Men eg angrar ikkje. Eg blei eigentleg ti kilo lettare. Det blei meir ro rundt situasjonen, og eg fekk tilbakemeldingar på at innlegget var til hjelp for andre.

Samtidig forstår han godt dei som ikkje ønsker å vere opne om ein så privat sak.

– Ingen har krav på å få vite noko om helsa di. Alle må finne sin veg og alle vegane er like rette.

I starten var Sigurd opptatt av å legge til rette for at ting skulle skje i Eid kommune. Då han fekk ungar blei barnehage- og skulesaker viktige. – Og no har eg sett kor viktig det er å ha eit velfungerande velferdssamfunn og eit helsevesen som fungerer for alle uansett bakgrunn og inntekt. Eg har fått veldig god behandling på sjukehusa i Førde, på Nordfjordeid og i Bergen, men det er ikkje sikkert alle har same oppleving. Å jobbe for forbetring er viktig, seier han. Foto: Kjellrun Åsebø

Lyspunkta

Frå å tenke «no er det slutt» er Sigurd aktiv i politikken igjen med mange møte og reiser. Han var 26 år då han første gong blei vald inn i kommunestyret i gamle Eid kommune, og kjenner at det gir energi å framleis engasjere seg i politikken.

Kroppen begynte etter kvart å fungere betre. Eit lyspunkt er også at kreftforma han har er mogleg å halde i sjakk med medisinar, og at dei ser ut til å verke godt.

Då Sigurd dreiv på med strålebehandlingane fekk han tilbod på «pusterommet», rehabiliteringssenteret til kreftavdelinga på Haukeland sjukehus. Han kom i gang med fysisk trening og det har han fortsett med. Han trener to til fire gongar i veka på treningssenter.

– Det er kjekt å merke at forma blir betre og betre. Trening hjelper også mykje på humøret. Så både medisinar og trening gjer at det ikkje lenger er noko umiddelbar dramatikk. Det er utsikter til at det kan gå bra framover, sjølv om eg ikkje blir kvitt kreftcellene, seier han.

Blir aldri ferdig med det

Det einaste positive med kreftsjukdom samanlikna med andre alvorlege diagnosar er at det ofte er eit veldig godt rigga apparat rundt sjukdomen og der finst sterke interesseorganisasjonar.

– Men eg trur at uansett om ein blir frisk, eller om ein må leve med det som ein kronisk sjukdom, blir ein aldri ferdig med det å ha fått ei kreftdiagnose og ha gått gjennom behandlingar.

For å klare å halde tankane om sjukdommen i sjakk har Sigurd tatt imot tilbod om mental trening. Han har lært seg teknikkar slik at han kan avgrense tida han bruker på å tenker på sjukdomen og unngå å gå å gruble på det han står i heile tida.

Også for Jagoda er dette viktig.

– Vi har måtte lære oss å leve eit nytt liv. Då gjer det godt å vere opptatt med ting. Det var – og er framleis – ein utruleg stor jobb å bearbeide ein slik beskjed. Men det er også viktig å fokusere på den halvfulle delen av glaset og ikkje den delen som er tom, seier ho.

Dei gode kvardagane

Dei er blitt meir merksame på kva dei vel å bruke tida si på. Dei har lagt vekk store planar om å bygge på fjøset. I staden blir det nok nedskalering.

– Når alvorleg sjukdom rammar, kjem så mange spørsmål ein ikkje klarer å få svar på. Ein blir så redd. Det kjem tankar om kva ein klarer å rekke. Då er det viktig å hente fram, og sjå, alt det gode ein allereie har. Vi er her framleis, i lag med jentene våre. Vi prøver å få dagane til å vere kjekke og gode sjølv om det er mykje som skjer, seier Jagoda.

– Eg har blitt meir glad i dei gode kvardagane, rutinane og det heilt vanlege. Vi er glade i å vere saman, snakke saman, sjå ein bra film, lage og ete god mat saman, reise på tur og gå på konsertar, seier Sigurd.

– Vi liker å lage god mat og ete saman, seier dei. Foto: Kjellrun Åsebø

I tillegg liker han og kona å jobbe saman på garden. Det er deira fellesprosjekt.

– Som utdanna filolog hadde eg så klart inga peiling på sau, men han har lært meg alt mogleg. Og no er eg til og med sauejordmor og tar imot lam! ler Jagoda.

Jagoda smiler når ho tenker på alt Sigurd har lært henne om saue- og gardsdrift. Foto: privat

Sigurd sjølv vel å vere ein realistisk optimist. Han kjenner på energi og god kapasitet. Og synest det er kjekt å vere tilbake i politikken.

– Vi skal prøve å leve som normalt, men eg må sjølvsagt tilpasse. Ungane våre er ein stor motivasjon. Og eg veit kor heldige vi er som familie som har kvarandre. Eg skal fortsette å trene, og trur og håper at dette skal gå bra framover.

– Du er jo den store kjærleiken i livet mitt. Dette må gå bra sidan vi har skapt noko veldig spesielt og positivt saman, seier Jagoda.

Den tidlegare fastlegen til Reksnes er gjort kjent med innhaldet som handlar om legebesøka og skifte av fastlege. Legen kan ikkje uttale seg om den aktuelle pasienten eller saka grunna teieplikta. På generelt grunnlag seier legen at legar av og til får overraskingar når pasientar får stadfesta diagnosar som ein absolutt ikkje forventar. – Då må ein gå i seg sjølv og gå gjennom kva som har blitt gjort og kva som kanskje skulle ha blitt gjort, seier legen.