I eit brev til Konkurransetilsynet peikar SAS på at Widerøe er monopolist i store delar av landet. SAS' noregssjef Kjetil Håbjørg vil ha tilgang til kundane deira, skriv Dagens Næringsliv.

I eit omfattande svar til tilsynet går flyselskapet gjennom ei rekkje argument for at Norwegians planlagde oppkjøp vil svekkje konkurransen i flymarknaden. Derfor meiner SAS, som eigde Widerøe i ei årrekkje fram til 2013, at Norwegians kjøp må stoppast slik det er planlagt.

– Konkurransen minskar vesentleg fordi talet på aktørar minskar frå tre til to, skriv SAS' husadvokat Alexander Gottsén i Stockholm i brevet.

Innspela frå SAS til Konkurransetilsynet vart sendt inn i midten av august, cirka éin månad før tilsynet varsla mellombels stans av oppkjøpet i september. No har tilsynet ein frist til 17. november med anten å innføre eit forbod eller å godkjenne kjøpet.

(©NPK)