Det er seksjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Arne Lid Skodje, som seier dette til NRK.

Takterrassen fekk brannskadar og delar av kjøpesenteret fekk store røyk- og vasskadar i brannen.

Politiet legg vekk saka med bakgrunn i bevisa dei har samla inn og dei kriminaltekniske undersøkingane som er gjort.

Det er ingenting som tyder på at ein teknisk feil skal vere årsaka til brannen. Som Sunnmørsposten skreiv i mai så var ein av hypotesane at ein sneip kan ha vore årsaka til brannen.

– Brannen har nok starta som ein ulmebrann. Dette var eit røykeområdet, og det kan tyde på at brannen har starta som følge av ein sneip. Men åstaden var såpass utbrent og vi har ingen haldepunkt for å knytte dette til ein konkret person. Derfor er saka lagt vekk, seier Skodje.