– I kjølvatnet av covid-pandemien opplevde føretak i heile Norge ei stor auke i tilvisingar innan psykisk helsevern. I juni 2022 valde Helse Midt-Norge å inngå avtalar med dei private aktørane Medie 3 og Unicare Norge, kor målet var å styrke det polikliniske tilbodet gjennom å auka kapasiteten og bidra til å redusere ventetider og fristbrot, heiter det i ei pressemelding frå foretaket.

– Vi har fått beskjed om at Helse Midt-Norge avsluttar desse avtalene 30. juni i år då dei dessverre ikkje gitt ønska effekt. Helse Møre og Romsdal vurderer at den beste løysinga for våre pasientar no er å styrke våre eigne tilbod i føretaket, seier klinikksjef Ståle Hoff.