- Det er ikkje heimel til å ta parkeringsavgift på Reset skisenter i Volda. Dette fordi kommunen ikkje har fatta eit vedtak i tråd med friluftslivslova.

Det meiner Forum For Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal, skriv Møre-Nytt.

Organiasjonsen ønskjer at parkeringa ideelt sett skal vere gratis, alternativt at det må det vere ei lågast mogleg lovleg avgift som er heimla i friluftslova og parkeringsforskrifta.

Og nettopp det siste meiner Forum For Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal at Volda kommune ikkje har gjort.

- Det er ikkje tilstrekkeleg med ein avtale mellom Volda kommune og Volda skisenter. Vi kan ikkje sjå at Volda kommune har fatta eit vedtak som oppfyller kravet til friluftslova § 14. For at betalinga skal bli lovleg må difor kommunen fatte eit slikt vedtak, argumenteter forumet ifølgje Møre-Nytt.

Volda kommune kommenterer til avisa at dei har framleis ikkje motteke søknad, men har etterlyst denne og har sett frist for å sende inn søknad til midten av mars.

Kommunen tek vidare sikte på å handsame søknaden innan sommaren.

Det blir parkeringsavgift ved skisenteret fram til 30. april. I sommarsesongane er det gratis parkering.