Mannen blei kontrollert av politiet i ytre Nordfjord ei natt tidlegare i år. Han oppgav då eit namn som seinare viste seg å vere namnet på hans eigen bror.

Seinare på natta blei han mistenkt for promillekøyring. Ifølgje tiltalen lét han då vere å seie at han hadde oppgitt falsk namn tidlegare.

Han signerte også med broren sitt namn då han tok blodprøve. Også i avhøyr seinare på morgonen gjentok han dei uriktige opplysningane, ifølgje tiltalen.

Dette førte til at det var bror hans som blei sikta for promillekøyring og fråteken førarkortet for ein periode.

Mannen i 20-åra er også tiltalt for å ha tatt bilskilta frå ein bil og sett dei på ein annan bil. Slik verka bilen for å vere lovleg registrert, trass i at han var avregistrert og hadde bruksforbod.

Vidare er mannen tiltalt for å ha køyrt utan førarkort to gonger, først på Austlandet og deretter i ytre Nordfjord