– I Statens vegvesen jobbar vi med fleire brukonsept, og Ferjefri E39 har vore ei moglegheit til å utvikle også nye flytande konstruksjonar. Det er nødvendig å forstå korleis denne typen konstruksjonar kan påverke biologiske miljø, for å minimere påverknad i tidlege designfasar og kanskje også å bruke endringa i miljøet som ei positiv moglegheit for den lokale naturen, seier sjefingeniør Arianna Minoretti til nettsidene til Statens vegvesen.

Norsk institutt for naturforsking (Nina) har laga utgreiinga på bestilling frå Statens vegvesen.

– Når ein vurderer nye teknologiske løysingar, er det viktig å vurdere det miljømessige fotavtrykket, i vårt tilfelle gjeld det brutypane flytebru, nedsenka røyrbru og hengebruer, seier Minoretti. Sidan flytebruteknologi er relativt ny og bygd berre to gonger, er det lite litteratur tilgjengeleg som vurderer direkte miljøeffektar av flytebruer. Difor har Nina inkludert litteratur frå andre menneskeskapte strukturar i marine miljø (for eksempel havvindparkar).

Rapporten fortel kva ein bør ta omsyn til når ein planlegg ulike typar bruer. For eksempel kan ei bru over havoverflata forstyrre fugleartar meir enn ein flytande eller nedsenka konstruksjon. Dokumentet kjem med forslag om korleis ein kan minimere forstyrringane, for eksempel når det gjeld belysning, eller å bruke delar av konstruksjonen, for eksempel pongtongar, som eit område dedikert til nokre arter som kan vere beskytta der.

Bruer i kontakt med havoverflata eller nedsenka, har ein større risiko for å forstyrre artar i vatnet. Dette gjeld også støy frå konstruksjonen i vatnet.

Rapporten fortel også om kva som bør greiast ut vidare, avhengig av kva type bru som er valt og avhengig av artar i området. Den inneheld også avbøtande tiltak og moglege idear til positiv bruk for miljøet av konstruksjonen.

(©NPK)