Omsorgssvikt.

Ein trygg barndom med kjærleik og klare grenser er den beste startkapitalen eit barn kan få. Og dersom foreldra ikkje er i stand til å gi denne tryggleiken, kan det vere ein nabo, ein lærar, ei helsesøster, bestemor, barnevernet eller andre gode hjelparar som ser barnet og bryr seg. Det fins mange historier om det eine mennesket som såg barnet som hadde det vondt, og som snudde motløyse til håp og tru på framtida. Takk for at det fins slike menneske.

Kunne den norske historia blitt annleis dersom den vesle guten hadde fått den omsorga han higa etter? Det veit ingen, og spørsmålet er for enkelt stilt. Det vi veit er at han påførte ein heil nasjon ufatteleg sorg. Ein vanskeleg barndom er aldri orsaking for brotsverk. Ugjerninga er uansett terroristens ansvar. Men i arbeidet med å finne ut korleis liknande katastrofar kan førebyggast, må barndommen hans også takast med. Og historia understrekar kor viktig det er er at alle barn blir sett, og får hjelp i tide. Barndommen kan farge resten av livet.

Ingen å snakke med.

Ein rapport frå Nordlandsforsking viser at fråfall frå vidaregåande skule og arbeidsliv må sjåast i lys av negative erfaringar som unge menneske dreg med seg frå oppveksten. Det viser seg å vere ein sterk samanheng mellom tidlege erfaringar som einsemd, mobbing og ustabilitet, og vanskar med å finne trygg forankring som ung vaksen. Psykiske problem blir sett på som årsak til at stadig fleire unge fell ut av skulen, men det er ikkje heile forklaringa. Mange har vanskar med å takle livet. 43 prosent av dei unge i undersøkinga fortalde at dei ikkje hadde nokon å snakke med då dei gjekk på ungdomsskulen. Ingen å snakke med. Det er tankevekkjande.

Meir tid med vaksne står øvst på ønskjelista til mange barn. Og det er ikkje berre foreldre som kan gi barna denne dyrbare tida. Det kan også ei tante, ein venn, ein nabo eller ein farfar slik som Odd Nordstoga syng om: «Ein farfar i livet skull alle haEin goffa å springe ned til som alltid har lyst på ein kaffikopp og til å kaste bort tid på ein liten kroppJa, ein farfar i livetskull alle haGod helg