– Dette er nok ikkje noko for folk med høgdeskrekk, seier Benedicte Sakkestad.
– Ein kjenner seg frykteleg liten, og merker suget frå juvet under når ein står på toppen og speidar ned i avgrunnen, seier Sakkestad.
Ho er driftsansvarleg ved Kraft- og skredsenteret i Tafjord i Norddal kommune på Sunnmøre.
Om alt går som dei planlegg, vil førstemann gå utfor den nesten 100 meter høge og stupbratte veggen i midten av august.
– Det vert no jobba med utplassering av sikringsutstyr og andre viktige førebuingar knytt til sikkerheit, opplyser Sakkestad i ei pressemelding.
Det er Tafjord Kraftproduksjon som eig dammen.
– Dei har gitt einerett til Kraft- og skredsenter som tilbydar av aktiviteten. Konserndirektør i Tafjord, Erik Espeset, har tinga på å vere førstemann utfor stupet, og det er innvilga, fortel Sakkestad.
Dette var Nord-Europas høgaste betongdam då den stod ferdig på slutten av 60-talet. Zakariasdammen demmer opp Zakariasvatnet.
Zakariasvatnet rommar 70 millionar m³, og er eit av dei største magasina Tafjord Kraftproduksjon har i Tafjordfjella. Vatn frå Zakariasvatnet blir utnytta ved kraftstasjonen Tafjord 4, som ligg nede i bygda, opplyser kraft- og skredsenteret.