– Ynskje mitt er å vise fram kunsten min, seier Nils Taklo og legg til:

– Det er mange som trekkjer til kunstgalleri, og eg trur planen min kan vere interessant for kulturlivet og heile området. Eit kunstgalleri håper eg kan trekkje fleire folk til bygda, og gi inspirasjon til vidare utvikling av Sæbø.

Den tidlegare rektoren ved Sæbø skule og Sp-ordføraren har måla i 30 år. Særleg etter at han vart pensjonist i 2003 har han brukt meir tid på å forme forenkla figurative kyst- og naturmotiv på store linlerret. Kjellaretasjen i bustaden sin på Sæbø brukar Nils Taklo som atelier.

– Eg har veldig mange måleri ståande heime, og det kjem stadig folk innom for å kjøpe måleri. Det gjer at det hadde det vore kjekt med eit utstillingslokale der eg kan vise bilda mine, seier han.

Ledige rom

Difor har Taklo kasta augo sine på dei tre ledige romma i 2. høgda i bygningen som var heradshuset til gamle Hjørundfjord kommune. No er det Ørsta kommunen som eig huset, som ligg nær ferjekaia på Sæbø.

– Lokale vart tidlegare brukt som bibliotek, men etter at folkebiblioteket var flytta til Sæbø skule har romma stått utbrukte. Bygningen ligg sentralt plassert i bygda, og eg trur det eignar seg godt som kunstgalleri, seier Nils Taklo.

Han fortel at han er i forhandlingar med Ørsta kommune om å få leige dei tidlegare biblioteklokala.

– Teknisk sjef Svein Silseth har fortalt at ingen andre er ute etter desse lokala. No skal vi på synfaring, og går avtalen med Ørsta kommune i orden, blir det kunstgalleri i bygget, seier Nils Taklo.

Han fortel at det var damene som driv Nilsbuda i bygda som sette han på ideen om å opne kunstgalleri i det gamle kommunehuset.

– Om vinteren blir opningstidene avgrensa, men galleriet skal vere ope heile sommaren. Slik kan galleriet bidra til å trekkje folk til og skape liv i bygda, meiner han.

Klar i mai

– Når reknar du med at kunstgalleriet ditt kan opne?

– Om avtalen med Ørsta kommune går i orden om kort tid, treng eg mars og april til å måle over veggene. Eg antar galleriet kan vere klart til opning i mai, seier Nils Taklo som opna kunstutstilling i Kunsthuset i Ørsta sist laurdag.

I løpet av første dag vart seks av dei tjuefem måleria selt.

– Det er veldig kjekt å bli akseptert som kunstnar, i og med at folk kjøper bilda mine, seier den tidlegare ordføraren, som no vil flytte inn i det gamle kommunehuset på Sæbø med kunsten sin.

Galleri. I den store trebygningen på kaia på Sæbø,- planlegg Nils Taklo galleri for måleria sine med kyst- og naturmotiv.
Nils Taklo opnar utstilling og vil ha galleri på Sæbø. Foto: Knut Arne Aarset