Oscar var den yngste sonen til kong Oscar I, og med to eldre brør var han ikkje tiltenkt rolla som konge. Hans rolle skulle vere å bli «den norske prinsen». Som den einaste av bernadottane lærte han norsk og studerte norsk historie og var heile livet særs oppteken av det norske. Han elska Norge og nordmenn, og hans store tragedie skulle bli at nettopp han medverka til at det eine av dei to kongerika reiv seg laus frå den bernadottske trona. Oscar utdanna seg til sjøoffiser, men deltok også i studium ved universitetet og vart ein lærd mann. Han skreiv ei lang rekkje bøker, og ikkje minst hans to sjølvbiografiar, den eine om tida hans som svensk konge og den andre om tida som norsk konge, vitnar om ein svært så skrivefør person. Han var framifrå som musikar og han snakka fleire språk. Alle brev til nordmenn skreiv han på norsk og når han var i Norge så snakka han norsk. Han var æresdoktor ved ei rekkje europeiske universitet, og han vart kalla Europas mest opplyste monark.Problemet hans var at han visste om det sjølv. Han hadde ei grenselaus sjølvkjensle, og kombinert med det at han var eit stemningsmenneske, var han lite villig til å lytte på råd. Valspråket han tok då han som 43-åring i 1872 vart konge, var «Broderfolkenes vel», og det meinte han heilt sikkert, men hans regjeringstid fall saman med ei bølgje av demokratisering og nasjonalisme som sveipte over mange land i Europa. Dette gjorde at den personlege kongemakta vart redusert, og det likte Oscar II dårleg. Han prøvde mange gongar på å få endra unionsavtalen slik at kongen skulle få meir makt, men måtte gi seg på det. Han var ofte i Norge for å mildne nordmennene. Han arrangerte storslåtte slottsball som ga unionen ein viss glans i Kristiania, men mindre utover landet. Fram til 1890-åra var han nok likevel ein populær konge også i Norge, og ingen tenkte seg tanken om at han eller sonen hans skulle vere norsk konge i framtida.Med litt meir godvilje i 1905 frå begge partar kunne nok unionen ha vorte berga i mange år til, men stivsinnet til Oscar II, manglande vilje til å lytte på gode råd og ei overtyding om at han sjølv var den som visste best, gjorde at nordmennene ga han sparken som konge i 1905. Likevel prøvde dei å forsone seg med han gjennom å tilby den norske trona til son hans, prins Carl. Det oppfatta kongen som ei fornærming, og han sa tvert nei. Nokon krig derimot, ville han ikkje ha mellom brødrefolka, og på det punktet hadde han sterk støtte både frå dronning Sophie og frå sonen, kronprins Gustav.

Oscar II, unionskongen, snakka norsk og likte seg i Norge, men miste til slutt tvillingriket sitt.