Ungdomsarbeidar Simon Morris har utfordra elevane ved Vestborg vgs. på Stranda om å levere inn mobilane sine. Den som held ut lengst utan mobil, får premie.

Det skriv skulen på heimesida si. Morris ønskjer å vise på kor avhengig ein er av mobilen. Samstundes vil han at det skal vere ei oppmoding til elevane om å kommunisere meir andlet-til-andlet.

Om lag 20 elevar har teke utfordringa. VG2-elev Andreas Wigestrand frå Sula er ein av dei:

– Min motivasjon til å ta Simon si utfordring er at eg meiner det er feil å bruke så mykje tid på mobilen. Appane og sosiale media er laga for at vi brukarar ofte må innom for å sjekke. På grunn av dette digitale sukkeret, så blir freistinga stor til ofte å ta opp mobilen, seier eleven til Vestborg si heimeside.