Under landsmøtet til Noregs Mållag i Bergen i helga, fekk matbloggar Anita Stokke Blomvik frå Ørsta tildelt Mållaget sitt nynorskstipend på 50.000 kroner, skriv Framtida.no.

Blomvik står bak matbloggen kvardagsmat.no, som er ein av få matbloggar på nynorsk.

– Mållaget meiner bloggen til Anita Stokke Blomvik er eit godt bidrag til meir nynorsk i kvardagen både for nynorsk- og bokmålsbrukarar, seier Marit Aakre Tennø, avtroppande leiar i Noregs Mållag.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Blomvik vil, saman med eit digitalt byrå, utvikle nettsidene slik at matbloggen vert meir tilgjengeleg i søkjemotorar. Dei fleste som søkjer etter oppskrifter på nettet, gjer nemleg det på bokmål. Noregs Mållag deler ut to slike stipend kvart år.