– No har vi fått beskjed om at søknaden ikkje blir behandla før sommaren. Det gjer at nok ein sesong med turistovernattingar på Svinøya er spolert, seier Tom Tøsse i 62° Nord.

Reiselivsbedrifta inngjekk leigeavtale om bygningane ved den avbemanna fyrstasjonen med Kystverket i 2005, og lanserte eit eksklusivt og ekstremt overnattingstilbod for rike turistar på øya ute i Stadhavet.

– Tilbodet er berre aktuelt for ei veldig avgrensa og eksklusiv gruppe. Vi snakkar om 6–7 grupper i året, seier Tøsse.

Turistane vart flogne med helikopter ut til øya, som ligg innanfor eit naturreservat.

Politisak

I 2012 greip fylkesmannen inn og kravde full stopp av flygingane fordi flyging av turisar ikkje er tillate i fredingsområdet. Fylkesmannen melde også 62° Nord til politiet, men saka vart lagt vekk.

No har saka blitt vurdert på ny, og både fylkeskommunen og departementet opnar for at det er akseptabelt med flyging innanfor fredingsområde.I vår sende 62° Nord ny søknad. Fylkesmannen skal behandle søknaden, men har gitt beskjed om at dette ikkje vil skje før sommaren.

Ikkje imponert

Dermed kan ikkje 62° Nord marknadsføre tilbodet i år heller.

Helikopterflyging til Svinøya er ikkje noko nytt. Fyrvaktarane vart flogne til Svinøya frå 1970-talet til fyret vart automatisert i 2005. Regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket meiner det burde vere mogleg å få til ei rask løysing.

– Det har vore flyging i så mange år at det måtte gå an med eit mellombels løyve slik at ein kunne halde fram medan søknaden vart vurdert. Det ville vore ein smidig måte i staden for at heile sesongen går i vasken no igjen, seier han.

Forfall

– Det er fleire grunnar til at det er dumt at vi ikkje kjem i gang med flygingane. No har bygningane der ute stått tomme i tre sesongar, og då er forfallet større enn om dei var i bruk. I tillegg er dette eit tilbod som betyr mykje for oss marknadsmessig. Svinøya er eit unikt reisemål som får mykje merksemd, seier Tøsse i 62° Nord.

Miljøverndirektør Linda Aaram hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier følgjande om saka:

– Årsaka til at behandlinga av søknaden har tatt lengre tid enn venta, er at vi ønskjer eit møte med 62° Nord før vi tek ei avgjerd. Dette var ikkje mogleg å få til før sommaren på grunn av ferieavvikling.

– Er dette ei komplisert sak?

– Eg kjenner ikkje saka godt nok til å seie noko om det.

– Er det aktuelt å få på plass eit mellombels opplegg?

– Det er noko av det vi gjerne vil snakke med dei om, men eg vil ikkje ta den diskusjonen gjennom media, seier Linda Aaram.