Ved Sogge bru har det skjedd ein påkøyrsel bakfrå. Politiet skriv at det er ukjent skadegrad og naudetatane er på veg.

Her skal det vere to bilar involvert. Ifølgje lokalavisa Åndalsnes Avis er det enkelte trafikale problem i området.

Det er truleg ikkje snakk om alvorlege personskadar, seier operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen til NRK.

Ved 16.30-tida er vegen opna for normal trafikk. Ulykka skal ha vore mellom en bil registrert i Tsjekkia og ein norsk bil med sjåfør heimehørande i Ålesund, ifølgje lokalavisa. Det skal ha vore to personar i denne bilen, og ein i den andre.

Det blir også meldt om ein bil som har køyrt av vegen i Verma. Også dette på E136. Her er det ikkje meldt om personskade. Patrulje er på staden og det blir oppretta sak, skriv politiet i halv tretida søndag ettermiddag.

Politiet sin operasjonssentral opplyser til Åndalsnes Avis at det skal vere snakk om ein ung mann, og at utforkøyringa skal ha skjedd ved rasteplassen ved Slettafossen.