Møre og Romsdal tingrett har dømt ein mann frå Søre Sunnmøre til fengsel i eitt år og fem månader for blant anna grovt narkotikabrotsverk.

Mannen i slutten av 30-åra er dømt for oppbevaring av 328 gram amfetamin, nokre gram kokain, MDMA-pulver og MDMA tablettar. Dommen omfattar også oppbevaring av 464 gram cannabisharpiks, 84 gram cannabis og 114 ruter LSD-drypp.

Vidare har mannen tilstått å ha selt 400 gram hasj til ein samla verdi av 100.000 kroner.

Han er også dømd for å ha køyrt bil medan han var påverka av narkotika.

Dessutan er han dømd for å ha oppbevart to rifler, trass i at han visste at dei var stolne frå Vartdal skyttarlag.

Mannen har fått strafferabatt for tilståing og at saka har hatt noko lang liggetid.

Etter at mannen vart tatt av politiet har han kutta all bruk av narkotika, ifølgje det han har opplyst til retten. Sjølv om han er i ein klar rehabiliteringssituasjon finn retten ikkje sterke nok grunnar til å dømme han til samfunnsstraff.

I tillegg til fengselsstraff er mannen dømd til å betale ei bot på 15.000 kroner. Han er frådømd førarkortet i to år.

Staten får også inndra 32.750 kroner som retten meiner er utbytte frå narkotikasal.