Ho er norsklærar ved Myklebust skule i Vanylven, og kallar elevane for «generasjon Vaffelhjarte», etter suksessromanen til Maria Parr:

– Dei har vakse opp med suksessen hennar. Det har nok inspirert elevane, utan at dei er medvetne om det, seier Kragset.

Skrivekonkurranse: Vanylven-elev hevdar seg i toppen

– I skrivekonkurransen skulle elevane la seg inspirere av «Alkymisten» som handlar om at alle draumar er oppnåelege. Maria Parr viser det same, som kjend forfattar frå ei lita bygd.

Viktig med pc

– Vi har mange forfattarførebilete i Vanylven. Maria Parr, Hilde Myklebust, Øystein Vidnes og Nik Brandal har alle vist at det går an, seier Kragset.

I Vanylven får alle elevane eigen pc på ungdomsskulen. Kragset trur det har mykje å seie for skrivegleda.

– Terskelen for å skrive blir mindre når elevane får bruke pc. Det er eit hjelpemiddel som lyftar alle elevane, både dei med lese- og skrivevanskar, og dei skoleflinke, seier Kragset.

Les flere kulturnyheter på smp.no

Lytte

– Skriveprosessen blir enklare når elevane kan klippe og lime i teksten, framfor å viske ut og skrive om igjen. Våre 10.-klassingar har brukt pc gjennom heile ungdomsskulen, i alle fag. Eg trur det er ei medverkande årsak til at Myklebust skule gjer det så bra i skrivekonkurransen, seier ho.

Les flere ung-saker på smp.no

– Elevane seier sjølve at dei inspirerer kvarandre. Dei er vande med at tekstane deira blir lese høgt. Vi har jobba mykje med å leite etter det som er godt i tekstane, framfor småfeila. Det er ei krevjande men viktig øving, seier Kragset.