Kutta i drivstoffavgifta får liten effekt på pumpeprisen, meiner Naf. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Totalt blir drivstoffavgiftene reduserte i vegtrafikken for folk flest med 600 millionar kroner, ifølgje regjeringa. Framstegspartiets Roy Steffensen meiner likevel drivstoffavgifta faktisk aukar, frå 6,73 kroner i år til 6,91 kroner neste år.

– Det er ikkje til å tru at vi har eit finansdepartement som sender ut pressemeldingar der dei villeier folk og pressa. Eg forventar at ei regjering snakkar sant, og er reieleg. Her bløffar Vedum, og Støre bør spørje seg sjølv om han er tent med ein finansminister som ikkje bryr seg om fakta og som openbert slit med å bruke ein kalkulator, seier Steffensen til NTB.

Noregs Automobil-Forbund (Naf) kallar det ein dieselbløff.

– Regjeringa gir med den eine handa og tek med den andre. Å selje dette som eit stort kutt er ein diesel-bløff frå Vedum, seier Ingunn Handagard, pressesjef i Naf.

– Ingen forskjell på pumpeprisen

NTB har bede finansdepartementet om ein kommentar og avklaring på kva den reelle drivstoffavgifta blir neste år.

– Dei harde fakta for dei om lag 900.000 bilistane som køyrer bensinbil, er at dei totale bensinavgiftene vil ha auka med 53 øre sidan Vedum vart finansminister i oktober 2021. Alle desse har god grunn til å kjenne seg lurt av Vedums retoriske krumspring i dag, seier Steffensen.

– Fire av fem øre i kutt går til traktorar og anleggsmaskiner. Det som er igjen går til folk flest, men det blir ete opp av kravet om auka biodrivstoff. Biodrivstoff kostar 30–40 kroner literen, altså tre gonger så mykje som vanleg drivstoff. I sum utgjer regjeringsforslaget absolutt ingen forskjell på pumpeprisen, seier Handagard i Naf.

Mineralolje

Når også avgiftsslettinga på mineralolje er rekna inn, er den totale reduseringa på cirka 2,2 milliardar kroner etter at auken av CO2-avgiftene er medrekna, ifølgje finansdepartementet.

– Drivstoffprisane har auka kraftig gjennom 2022. Mange hushald og bedrifter opplever høge drivstoffprisar som ei stor utfordring. Reduserte drivstoffavgifter bidreg til å gjere kvardagen litt enklare for hushald og næringsliv, og vil bety spesielt mykje for bygg- og anleggsbransjen, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Stortinget har vedteke regjeringsforslaget om å fjerne grunnavgifta på mineralolje frå 1. januar. Det vil særleg komme bygg- og anleggsbransjen til gode.

Nettoreduksjon på 600 millionar

Vegbruksavgifta på drivstoff blir redusert med samla 1,88 milliardar kroner, medan høgare CO2-avgift i vegtrafikken aukar inntektene til staten med 1,26 milliardar kroner. Nettoreduksjonen på drivstoff i vegtrafikken blir dermed i overkant av 600 millionar kroner, opplyser regjeringa.

Fjerning av grunnavgifta på mineralolje inneber ein lette på 1,95 milliardar kroner. Høgare CO2-avgift for ikkje-veggåande maskiner aukar inntektene til staten med 390 millionar kroner, inkludert den nye satsen for kvotepliktige. Nettoreduksjonen i avgifter på drivstoff til ikkje-veggåande maskiner – jordbruks- og anleggsmaskiner og industri – blir dermed om lag 1,56 milliardar kroner.

Auka bio-krav

– Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at vi vil «redusere avgifter som rammer folk flest, som for eksempel elavgift og drivstoffavgifter». Reduksjonen i drivstoffavgifter i 2023-budsjettet er ei direkte oppfølging av avgiftspolitikken til regjeringa, seier Vedum.

Regjeringa aukar omsetningskravet for biodrivstoff i vegtrafikken frå 15,5 til 17 prosent. I tillegg blir eit nytt omsetningskrav innført for biodrivstoff til ikkje-veggåande maskiner, som blir sette til 10 prosent. Auka omsetning av biodrivstoff, til erstatning for fossile drivstoff, vil gi redusert utslepp av klimagassar og anslåast meir enn å vege opp for effekten av avgiftsreduksjonane, opplyser regjeringa.

Avviser bløff

Statssekretær Lars Vangen avviser påstandane frå Naf og Frp og skriv i ein e-post til NTB at drivstoffavgiftene no utvilsamt blir reduserte.

Avgiftsreduksjon på drivstoff til ikkje-veggåande maskiner blir, ifølgje Vangen nærare 1,56 milliardar kroner. Noko som svarer til ein netto avgiftsreduksjon på 138 øre per liter.

– Avgiftsreduksjon på drivstoff i vegtrafikken blir i overkant av 600 millionar kroner. For bensin gir dette inga endring i avgiftene, medan avgiftene på diesel til vegtrafikk netto blir reduserte med 27 øre per liter.

Trass i avgiftsreduksjonane til regjeringa i drivstoffavgiftene blir budsjettet anslått ikkje å påverke pumpeprisen for vegtrafikken i vesentleg grad. Den blir først og fremst bestemd av internasjonale marknadsprisar på drivstoff.

– Men vi sørgjer for at avgiftene i sum blir reduserte. Utan endringane våre i vegbruksavgifta, så ville prisen gått opp, skriv Vangen.

(©NPK)