Ei rundspørjing Nationen har gjennomført blant fylkeslaga til Senterpartiet, viser at fleire vil greie ut moglegheita for kjernekraft.

Dette gjeld Trøndelag, Agder, Telemark, Vestland og Akershus. Tidlegare i år har også Senterpartiet i Østfold og Nordland vedteke det same.

I Trøndelag seier fylkesleiar Ole Herman Sveian at poenget er at folk ser at ein må sikre tilgang på kraft.

– Vi er ikkje bombastiske om kjernekraft, men ønskjer å forske på og sjå på det, slik at vi i framtida kan få ei kvalifisert avgjerd om det er noko vi kan ta inn i energimiksen, når folk ser at det blir utfordrande å skaffe energi på sikt, seier Sveian.

Senterpartiet i Finnmark, Vestfold, Buskerud, Rogaland og Møre og Romsdal har ikkje vedteke ny politikk for kjernekraft, medan fylkesleiarane i Oppland og Hedmark Sp førebels ikkje har svart på førespurnadene frå avisa.

(©NPK)