Det blei middag på primus torsdag for Sunnmørsposten sin journalist i Hornindal. Men etter nærare fire timar har dei no fått tilbake straumen.

Linja (tidl. Mørenett) melder at straumen er borte i Volda kommune. Også Hornindal er råka av straumbrotet. 1.468 kundar var utan straum klokka 15.06.

– Bygda er heilt mørklagd og vi har vore utan straum i tre timar, sa Sunnmørsposten-journalist Anne-Mari Tomasgard, som er busett i Hornindal.

– Det har oppstått ein feil i det elektriske nettet som har ført til avbrot i straumforsyninga, opplyser Linja.

Ifølgje Yr.no er det −6 grader i Hornindal torsdag kveld.

Tomasgard har imidlertid beredskapen i orden i heimen.

Klokka 18.28 var framleis 764 utan straum.

Hornindal skisenter melder at det er usikkert om dei får opna på tida.

– Det kan bli andre ord bli forsinka opning, skriv dei på Facebook.

Har fått tilbake straumen

Linja hadde ei målsetting om å få lagt inn alle kundar igjen i 18-tida, men meldte klokka 18.20 at det var problem med å få inn ein transformator.

– Det vil gå eit par timar til, opplyste dei. Det måtte omkoplingar til i nettet for å forsyne alle med straum.

Like før klokka 19 fekk folk i Hornindal melding om å avgrense straumforbruket mest mulig på grunn av kapasitet.

Klokka 19.18 opplyser Tomasgard at dei no har fått tilbake straumen etter nærare fire timar utan.

Straumen kjem og går i Hornindal ved 19.45-tida.