Dale åpnet lommeboka for bøndene
Transporten er avgjerande
– Kaia som her vert opna er svært viktig i ein større samanheng i den lokale og regionale utnyttinga av skogsressursane våre.
– Det er grundig påvist at transportdelen av tømmerhogst har vore kostnadsdrivande, og dermed ein negativ faktor for hogst og uttak av skog.
– Med denne nye kaia, som skal brukast av langt fleire enn kommunane Volda og Ørsta, har vi kome eit veldig steg vidare, sa Dale.
Der orkanane gjer hogsten
Landbruksministeren synte til sin eigen heimefjord Dalsfjorden i Volda, der det i stor grad er orkanar som har stått for «hogsten» i dei bratte fjellsidene siste åra.
– I slike tilfelle kan tømmer fort bli ei plage i staden for det skulle vere, ein stor ressurs.
– Når vi no opnar ny kai her i Ørsta, kan det vere grunn til å minne om at ein av siste flaskehalsane for uttak av tømmer er dei kommunale vegane tømmeret må køyrast ut på.
– Når staten no tek ansvar med å sikre kystskogbruket med mange nye utskipingskaier, så må kommunane følgje tett opp med sin del, sa Dale mellom anna. Så måtte ministeren få av seg det alt for varme verneutstyret og kome seg i standard politikarhabitt att.
«Finst det ein betre måte å bruke ein maidag på enn å feire kjærleiken?»
– Ei kai til å dele med fleire
– Når du kjem hit og ser den ferdige kaia i Ørsta, kva synest du?
– Ho har vorte svært fin og funksjonell. Særleg har eg merka meg det romslege friområdet bak sjølve kaia.
– Dette gjer at kaia kan få ein fleirbruksfunksjon utanom dei hardaste tømmersesongane.
– Dermed kan også andre næringar få nytte seg av kaia, og det synest eg er svært positivt, sa Dale til Sunnmørsposten.