Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden er ein av vinnerane i årets statsbudsjett. Av dei tretten millionane i auka løyvingar til verdsarva, går to millionar til Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Bryggen i Bergen får fem millionar, og resten av pengane vil bli fordelte seinare. - Eg er svært glad for å kunne auke løyvinga til istandsetting av Bryggen i Bergen og til styrking av forvaltninga av naturen i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Dei norske verdsarvområda er representantar for verdas felles kultur- og naturarv av framståande universell verdi og skal sikres for komande generasjonar. Noreg har teke på seg eit særleg ansvar overfor det internasjonale samfunnet ved innskrivinga på Unescos verdsarvliste. Regjeringa vil at desse områda skal framstå som eksempel på "beste praksis" for miljøforvaltninga Noreg har i alt sju område som er skrivne inn på UNESCOs prestisjefylde verdsarvliste: Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Bergstaden Røros, Bergkunsten i Alta, Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap og Struves meridianbue.