Prisen skal gå til ein kommune som «har merka seg ut, ved å legge til rette for ungdomar gjennom medverknad, skape gode møteplassar, bidra til eit allsidig fritidstilbod, eller på anna vis har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen», ifølgje ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Herøy og Halsa på Nordmøre var nominert i år, men det var altså Sunnmøre som stakk av med sigeren. Prisen består av eit diplom og 10.000 kroner som skal gå til eit ungdomstiltak i kommunen.

– Vi merkar at ungdommen blir tatt på alvor av dei lokale politikarane og lar oss delta i dei fleste debattar, seier Hanna Djupvik og Marcus Dybvik Aas frå Herøy ungdomsråd, som tok i mot prisen.

Mellom fritidstilboda til ungdom i kommunen er: Heilt ny kino, kulturskule, bibliotek, nattkafé for ungdom, 4H, sjøspeidarar, UNG-lag i redningsselskapet, skytebane,  fleire barnekor, ungdomskor, korps, øvingsrom for band, musikkbrakke, fleire idrettslag, idrettshall, symjeskule, paintball, go-cart, kajakklubb, dykkerklubb fotoklubb, cross-cart, ballbingar, grasbaner, grusbaner, 3 kunstgrasbaner, skatepark, klatrevegg, sandvollyballbaner, sandhandball og kort veg til bowling.