Onsdag føremiddag vart det klart: Senterpartiet får støtte frå både Framstegspartiet og Arbeidarpartiet i ordførarkabalen.

Dermed vert valvinnaren Stein Aam (65) også ny ordførar i Ørsta etter Rune Hovde (H). Han får med seg Karen Høydal (Ap) som varaordførar. Ho får igjen med seg partifellen og ordførarkandidat Jostein O. Mo i formannskapet.

Framstegspartiet er på si side lova leiaren både i samfunnsutvalet og i levekårsutvalet.

Dei andre posisjonane skal førebels ikkje vere klarlagde, dette kjem den nye samarbeidskonstellasjonen attende til onsdag ettermiddag.

Det var Møre-Nytt som først melde at Stein Aam (Sp) blir ordførar ved hjelp frå Frp.