Vikebladet Vestposten skriv at Gjerdselva har gått over breiddene sine.

- Elva har no gått litt tilbake, seier vakthavande 110-operatør Paul Ove Vestre til smp.no klokka 22.30.

Det skal vere seks-sju hus som har fått vatn inn. Vestre oppmodar alle med hus i området om å sjekke kjellaren.

Spesialbil frå Ålesund brannvesen var framme like over halv elleve.

- Vi sender bil med spesialutstyr, RVR-bil, frå Ålesund for å hjelpe til med å suge opp vatnet. Dei skal ta 22-ferja frå Sulesund, sa operatøren tidlegare i kveld.

- Vi jobbar med å få oversikt, det er rundt seks-sju hus som har fått vatn i kjellaren, sa Vestre tidlegare i 22-tida.

To skadesaneringsfirma er på staden for å hindre vasskade.