I morgontimane brann det framleis på eit mindre område etter at grasbrannen på Valderøya blussa opp att i natt. Like før klokka ni var det aktuelt å be om helikopterstøtte til sløkking, fordi det brenn i eit område med svært vanskeleg terreng. Klokka ti melder brannmeister Frank Austdal ved 110-sentralen i Møre og Romsdal at det ikkje blir behov for helikopterstøtte likevel.

– Slik situasjonen er no er det ikkje aktuelt å be om helikopterstøtte. Det brenn framleis, men vi har god kontroll på brannen. Vi skal snart ut og besiktige staden igjen, seier han klokka 10.15.

Folk på staden

På eit tidspunkt var det 24 brannar samtidig på Sunnmøre.

– Det brenn ikkje andre plassar på Sunnmøre no enn på Valderøya, seier Frank Austdal.

Sjekk ut Smp sitt webkamera

Evakuerte heime igjen

Natt til 1. nyttårsdag blei 21 personar evakuerte frå sine heimar i Skaret på Valderøya som følgje av den store grasbrann på Valderøyfjellet. På eit tidspunkt var politiet uroa for at brannen kunne true bebyggelsen øvst i Skaret på Valderøya og blant anna som følgje mykje røyk blei bebuarane evakuerte og samla på Valderøy barneskule.

– Ein del har valt å overnatte med vener og kjenningar, men alle som vil flytte tilbake til heimane sine har fått lov til dette. For å seie det slik, ingen er evakuerte mot sin eigen vilje, seier operasjonsleiar Arild Reite.

Få med deg siste nytt frå Nordvestlandet - lik smp.no på Facebook

Vil starte etterforsking

Politiet har forlate staden, men dei er i beredskap dersom det skulle bli behov for assistanse frå dei igjen.

– Politiet forlét staden klokka kvart på sju. Mannskap frå Sivilforsvaret og Giske brannkorps går brannvakter og driv med ettersløkking. Dei skal varsle oss om det er behov for politiet på staden, men det har dei ikkje gjort enda, seier Reite.

Sjå timelapse-video av fyrverkeri i Ålesund og brannen på Valderøya

– Det vil bli etterforsking i etterkant. På det noverande tidspunkt vil eg ikkje ha ei meining om kva brannårsaka kan ha vore, sjølv om det er nærliggjande å tru at slike rakettar kan vere involvert. Eg kan difor verken bekrefte eller avkrefte om naudrakettar har vore årsak til brannen, seier Arild Reite.

Bebuarane som vart evakuerte frå Skaret har fått lov til å returnere til bustadane sine. Brannbilen ved bygningane forlot staden litt før klokka ti. Foto: Eskild Flydal
Eit stort område vart råka av brann natt til 1. nyttårsdag på Valderøyfjellet. Foto: Eskild Flydal