Volda-ordførar Arild Iversen besøkte helse- og omsorgsminister Bent Høie i Oslo i november.

Tidlegare har ordførar Arild Iversen (KrF) gått ut med protestar mot at den kirurgiste sengeposten i Volda blir redusert til ein femdøgnspost.

No har Volda formannskap sendt brev til Helse- og omsorgsminister Bent Høie der dei gir beskjed om kva dei meiner om saka.

– Uakseptabelt

– Volda formannskap finn vedtaket å vere i strid med statstråden sitt klare signal i november 2013, der regjeringa lova å stoppe nedleggingar av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med tryggleik for pasientar og kvalitet, heiter det i brevet.

Det var økonomiske utfordringar i helseføretaket, ikkje kvaliteten i tilbodet eller tryggleiken til pasientane, som var grunngjevinga for tiltaka. Kutta gjekk gjennom med knappast mogleg fleirtal.

Nordfjord

Volda formannskap legg særleg vekt på pasientane i Nordfjord. Akuttilbodet ved Nordfjord sjukehus på Eid er allereie bygt ned. Det er i tillegg investert fleire milliardar kroner i ny veg mellom Nordfjord og Sunnmøre (Kvivsvegen).

Fødande kvinner i Nordfjord har allereie ein tilsvarande avtale.

– Slik kan regjeringa vise at dei store satsingane på samferdsle også fører til betre helsetilbod for innbyggarane.