Ålesund Høgre skal ha trua med å stenge ute eigne medlemmar som ikkje støtta fleirtalsforslaget til bypakke.

Det skal først og fremst vere bomstasjonene på Aspøya og Ellingsøytunnellen som har skapt uro i partiet og ført til at representantar i ulike bydelar har ytra ønskje om å stemme på andre løysinger enn majoriteten i partiet.

Det skriv NRK Møre og Romsdal torsdag kveld etter at fleire kjelder i Høgre skal ha bekrefta det til dei.

Dette kjem ut parallelt med at bystyret i kveldens bystyremøte debatterer og skal fatte vedtak kring innstillinga til bypakke for Ålesund.

Forfall frå Ellingsøya

Roar Salen er ein av dei, og han har klar tale overfor NRK:

– Eg vel heller å prioritere private ting framfor å sitje i ein bystyresal og stemme for noko eg ikkje er einig i.

- Eg er glad for at det finnest parti som står oppreist når det blæs og politikarar som tør sjølv om det kostar noko, sier Knut Anders Oskarsson frå talarstolen i bystyremøtet.

- Ingen eksklusjon

Men at nokon har vorte tvingt til ikkje å møte fordi dei er ueininge, nektar gruppeleiar Monica Molvær for.

- Eg kjenner ikkje til at nokon har vorte truga med eksklusjon, slår ho fast.