Samferdsleekspert og statistikar Idar Mo meiner Oslo-området er langt meir subsidiert enn det som kjem fram i tala, skriv avisa Firda.

Regjeringa er i gang med arbeidet med eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Her har det tidlegare kome fram at Sogn og Fjordane vil kome svært dårleg ut og tape store inntekter om forslaget til inntektssystem blir sett ut i live.

Dette meiner Mo  er feil. Regjeringa reknar nemleg ikkje inn midlar til jernbanen i tala. Om desse hadde vore rekna med, ville Oslo og Akershus vore oppført med over 30.000 kroner per innbyggar, i staden for 9.000, ifølge Mo.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) frå Sogn og Fjordane seier til Firda at dei har bede regjeringa  lage ei oversikt over korleis statleg kjøp av NSB-tenester og flytenester fordeler seg mellom regionar og fylke, og kva innverknad det har for inntektssystemet til fylkeskommunane.