Design- og kommunikasjonsbyrået Fantastiske Osberget i Ulsteinvik frir til næringslivet og fristar med norrøne historier om vikingar.

Målet er å lage ein film om sunnmørsvikingane. Bak prosjektet står Åge Grimstad som er dagleg leiar og regissør Ragnar Hatlø.

Følgsmp.no på Facebook

Slag i år 986

Om filmen blir realisert, kan publikum møte Gange-Rolv frå Vigra som blei forvist av Harald Hårfagre og møtte rømme til Frankrike der han blei gift med ei kongsdotter.

Ein annan karakter er Bue Digre, ein dansk høvding som leia skipet sitt mot Håkon Jarl i Hjørungavåg i år 986.

– Vi vil presentere vår historie, og ikkje minst ein gong for alle slå fast at slaget stod ved Hjørungavåg i Hareid kommune, og at Gange Rolv var meir enn berre ein sagnfigur, seier Grimstad i ei pressemelding.

Lesfleire kulturnyheiter på smp.no

Samarbeidar med historikar

Grimstad og Hatlø har jobba med idéen bak filmen i eit par år.

– Vi samarbeider med en historikar som kjem til å banke på dørene til næringslivet i distriktet, seier Grimstad.

Dei ønskjer å hente inn pengestøtte til prosjektet.

– Om næringslivet er interessert i å bidra, blir det ein film av denne idéen, seier Grimstad i ei pressemelding.

Les mer om slaget ved Hjørungavåg på wikipedia (ekstern lenke)

Kva synst du om ideen? Bruk kommentarfeltet !

Dagleg leiar Åge Grimstad i Fantastiske Osberget. Arkivfoto: Gunnar Wiik