Framfor dette avgjerande møtet vedda to av dei norske statsrådane i Stockholm, Edv. Hagerup Bull og Jørgen Løvland på kva kong Oscar kom til å gjere. Innsatsen var ei flaske champagne. Hagerup Bull vedda på at kongen ville bøye av og godta konsulatlova, mens Løvland trudde det ville bli nei. Oscar II hadde vore sjuk lenge, men friskmelde seg sjølv dagen før det avgjerande statsråd. Vi veit korleis det gjekk. Kongen sa nei, dei norske statsrådane nekta å underskrive på kongens vedtak og leverte inn regjeringa sin søknad om avskjed. Alt det skriftlege hadde vore førebudd på vona.Tid for handlingI Oslo sat Christian Michelsen og også han var budd på meldinga han fekk. Nå måtte det handlast. Frå fredag 2. juni til 7. juni nærast pressa Michelsen unionsoppløysinga fram. Han trua og overtalte Stortinget til dei skritt han meinte var nødvendig, og pressmiddelet hans var først og fremst kabinettspørsmål. Han trua med å gå av, og Stortinget visste at akkurat då var fedrelandet avhengig av denne bergensaren. «Vi får gå over Rubicon, vi får bruke kniven, men gjøre snittet så lite som mulig», sa han om sin videre strategi. Bortsett frå det så skjedde planlegginga i løyndom, og berre nokre få av dei næraste medarbeidarane fekk vite om kva opplegg Michelsen ville velje.Tidspunktet var viktig. Svenskane måtte ikkje få tid til å planleggje mottrekk. Kong Oscar var svekt av sjukdom og alderdom. Kronprins Gustav utgjorde ein risiko. Den 6. juni skulle han til kronprinsbryllaup i Berlin, hos Keisar Wilhelm II, og den 15. juni skulle kronprins Gustav sin son, prins Gustav Adolf, gifte seg i London. Michelsen meinte det måtte handlast før kronprinsen kom heim til Stockholm frå Berlin, men samstundes måtte ein unngå å irritere keisar Wilhelm ved å øydelegge bryllaupet hans.Stortinget overtokStrategien nå var å be Stortinget ta over kongemakta i og med at unionskongen hadde slutta å fungere. Årsaka til det var at han ikkje hadde greidd å oppfylle kravet i Grunnlova om å skipe ei regjering til å rådføre seg med. Spørsmålet var så kva statsform Norge skulle velje når unionskongen var avsett. Både Michelsen og Løvland var republikanarar av grunnsyn, men det å kome seg heilskinna ut av unionen var nå viktigare enn alt anna. I lengre tid hadde Michelsen sendt Fridtjof Nansen rundt til europeiske hovudstadar for å forklare Norges sak. Tilbakemeldingane han fekk frå både tysk, britisk og russisk hald var at dei ikkje ville vite av etableringa av ein ny republikk i Europa, men samtidig sa britane at Norge ikkje måtte velje ein tysk prins til konge og i Berlin sa dei at Norge burde unngå ein konge av britisk avstamming.MonarkietBåde Michelsen og Løvland og heile regjeringa med unntak av Gunnar Knudsen, gjekk for at ei lausriving måtte koplast saman med at Norge framleis skulle velje monarkiet. For å blidgjere kong Oscar sende Michelsen med kurer eit tilbod til Stockholm om at son hans, prins Carl og prinsesse Ingeborg, kunne bli nytt norsk kongepar. Prinsen skulle få 720.000 kroner i apanasje, eit slott på landet, eit kongeskip og mykje meir. Det tilbodet tok kong Oscar fornærmeleg opp, og leverte eit blankt avslag. Michelsen sytte også for at dette norske tilbodet og kongens avslag vart kjent rundt om i europeiske hovudstadar. Norge skulle ikkje framstå som utakknemleg overfor det svenske kongehuset. Han visste dessutan at det ville vere uråd å få tak i ein ny konge frå europeiske kongehus dersom det svenske kongehuset sette seg på bakbeina. Først 6. juni vart tilbodet til den svenske prins Carl, Bernadotte-tilbodet som det er blitt kalla, kjent i Stortinget, og det skapte rabalder blant republikanarane, men igjen greidde Michelsen å sikre seg eit solid fleirtal. Dermed var det klart for den store dagen.