Arbeidsløysa justert for vanlege sesongsvingningar har no gått ned tre månader på rad.
– Mindre permitteringar og oppseiingar enn frykta, samt mange arbeidssøkjarar i tiltak, er to forhold som bidreg til den gode utviklinga dei siste månadane, seier fylkesdirektør Stein Veland i ei pressemelding.
Variasjonar i fylket
Størst var nedgangen siste månaden, og arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no den lågaste på eitt år, ifølgje pressemeldinga frå Nav.
I mars er det 4 540 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,2 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 4,7 prosent frå same månad i fjor. 1 239 arbeidssøkjarar er i ulike arbeidsmarknadstiltak. Dette er 426 fleire enn i februar 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 779 personar i fylket.
Arbeidsløysa fell i Kristiansund, etter mange månader med over 5 prosent ledige.
– Det er noko variasjon i utviklinga mellom dei ulike kommunane, men regionane har utviklar seg i same retning. Arbeidslysa i Nordmøre og på Sunnmøre er 3,2 prosent, medan det i Romsdal er 3,1 prosent arbeidsløyse, skriv Nav i pressemeldinga.
Håpar toppen av oljekrisa er over
Med ei arbeidsløyse på 1,9 prosent har Sogn og Fjordane, saman med Oppland, lågast arbeidsløyse i landet.
– Den positive utviklinga held fram i fylket, og vi ser også tydlege teikn på at situasjonen for dei andre vestlandsfylka er i ferd med å snu. I Rogaland er det 739 færre ledige enn på same tid i fjor. Dette gjev von om at vi no har sett toppen av problema som oljekrisa har skapt på Vestlandet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.
I landet er det 81 327 heilt arbeidslause. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 9,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Tal ledige Prosent Endr. tal Endr. posent |
Ålesund 783 3,0 -96 -11 |
Vanylven 45 2,7 -6 -12 |
Sande 50 3,5 -1 -2 |
Herøy 263 5,5 9 4 |
Ulstein 267 5,8 52 24 |
Hareid 160 5,8 16 11 |
Volda 117 2,5 -8 -6 |
Ørsta 165 2,9 -13 -7 |
Ørskog 23 1,8 -12 -34 |
Norddal 13 1,5 -13 -50 |
Stranda 66 2,6 9 16 |
Stordal 13 2,4 -6 -32 |
Sykkylven 81 1,9 9 13 |
Skodje 66 2,7 1 2 |
Sula 97 2,0 -23 -19 |
Giske 92 2,2 -23 -20 |
Haram 196 4,1 19 11 |
Vestnes 106 2,9 11 12 |
Midsund 37 3,5 11 42 |
Sandøy 16 2,4 3 23 |
Vågsøy 108 3,5 -4 -4 |
Selje 52 3,6 -8 -13 |
Eid 34 1,1 -9 -21 |
Hornindal 8 1,2 0 0 |
Stryn 71 1,8 -10 -12 |