Regjeringa legg for tida høgskulekartet på nytt – og målet er færre høgskular og universitet. Høgskulen i Volda vil helst køyre solo, men dei er også ein del av fleire allianseplanar som Kunnskapsdepartementet truleg skal seie ja eller nei til på torsdag, melder universitetsavisa Khrono.
Universitetet i Bergen (UiB) er ein av fleire aktuelle samarbeidspartnarar. Volda-rektor Johann Roppen avviser ikkje tanken om at høgskulen på sikt kan komme til å vakse saman som ein del av UiB.
– Men då vil det eventuelt skje organisk og heilt naturleg, ikkje etter press, seier Roppen til Khrono.
Universitetet i Bergen vil ha Volda på laget
I eit brev datert 5. januar skryt UiB-rektor Dag Rune Olsen av Volda, og skisserer fleire område dei to kan samarbeide på. Mellom anna ser han føre seg at universitetet og høgskulen går saman om å danne eit Senter for framifrå utdanning i mediefag.
— Brevet og skisser til samarbeid med UiB har blitt godt teken imot her i Volda, seier Roppen til Khrono.
Han er imidlertid klar på at det ikkje skal være snakk om fusjon, men om samarbeid.