Det var måndag at smp.no først fortalde om saka der mellom anna ein større fiskesjark dreiv laksefiske med hjelp av ein oterliknande gjenstand inst i Ørstafjorden. Mange andre har gjort det same, opptil eit tjuetals båtar skal ha vore observert dorgande enkelte dagar.

Les også:

Fiskeskøyte dorgar laks med «oter»

Skjøt laks med harpun i totalfredet område

Mykje fisk

Plan- og miljøvernkonsulent Magnar Selbervik i Ørsta kommune fekk nyleg saka på sitt bord.

– Grunnen til fisket som har oppstått er heilt klart mangelen på nedbør. Dette gjer at både laks og sjøaure vert ståande i fjorden utan å kunne gå opp i Ørstavassdraget, slik fisken normalt ville gjere, forklarer Selbervik. Han har vore i kontakt med både fylkesmannen og med Statens naturoppsyn om saka.

Der går det fram at saka er komplisert. Assisterande miljøverndirektør Ulf Lucassen seier til Sunnmørsposten at han forstår forvirringa kring regelverket om såkalla munningsfreding.

Klar: – Reglane for vern av blankfisk kan opplevast kompliserte, innser Ulf Lucassen.

Lovleg med to stenger og paravan

– Her må ein gå inn med ein stor grad av presisjon. Ein kan ikkje utan vidare seie at dorging innanfor grensene for munningsfreding er ulovleg. Det er nemleg fullt lovleg å dorge med to stenger per båt - med ein sluk frå kvar - også innanfor munningsfredingssona.

– Det same gjeld den oterliknande reiskapen paravan, som berre får ha ein sluk, eller ein krok. Reiskap som oter med fleire krokar, eller det som før vart definert som laksedorg er derimot ikkje lovleg, seier Lucassen.

Linje: I ei rett linje ca. 700 meter vest for (retning ut fjorden) Saferoad sitt kontoranlegg på Strømpeneset og over til gamle Møre Trikotasjefabrikk i Hovdebygda på motsett side startar vernesona for blankfisk.

Lovleg i 16 dager

Han presiserer at dorging med to slukar er lovleg berre i tida det er ope for sjøaurefiske i Ørstavassdraget, altså frå 15. juni til 31. juli. Elles i året er det heilt ulovleg å fiske etter blankfisk i sjøen i det heile.

– Etter å ha gå gjennom fleire ulike forskrifter og regelverk, så skjønar eg godt at det har oppstått forvirring om kva som er lovleg eller ikkje, seier Lucassen.

Les også:

Fiskeskøyte dorgar laks med «oter»

Skjøt laks med harpun i totalfredet område

Kontroll kan difor bli komplisert. Likevel har Magnar Selbervik bedd Statens naturoppsyn gjennomføre kontrollar av fisket etter blankfisk i Ørstafjorden.

– Blankfiskstammen er særleg sårbar no, seier han.