Om dei mange andre sakene vart langdryge og førte kommunestyret i Ørsta nesten inn i juninatta torsdag, vart vedtaket om å bygge den etterlengta storhallen som den blåaste morgon.

Ikkje før er Ørsta kommune ute av Robek-lista og har fått imponerande skikk på økonomien, så kliner dei til med hall til ein kostnad på 120 millionar kroner – og med kommune som utbyggjar. Ikkje nok med det: Politikarane var også i humør til å plusse på med planar for eit 25-meters symjebasseng tilknytt storhallen. Julekveld i juni altså, for eit lenge og hardt prøvd idretts- og kulturmiljø i Ørsta.