Cruiseskipet Sapphire Princess, eigd av Princess Cruises, på veg ut Geirangerfjorden i Møre og Romsdal. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

Høyringsrunden for forslag til regelverk for nullutslepp i verdsarvfjordane, som skal gjelde frå 2026, vart avslutta i haust. Stortinget vedtok i 2018 at verdsarvfjordane skal vere utsleppfrie frå 2026.

Både Geirangerfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Aurland kommune i Sogn i Vestland er på verdsarvlista til Unesco.

– Godt nøgd med forslaget

Ordførar Einar Arve Nordang (H) i Stranda seier til NPK at han er godt nøgd med forslaget frå Sjøfartsdirektoratet.

– Innstillinga frå Sjøfartsdirektoratet er i tråd med vårt høyringssvar, og ho er i tråd med vedtaket i Stortinget der vart presisert at vi må ha ei løysing for verdsarvfjordane der både omsynet til utslepp, og omsynet til at vi skal ha cruisetrafikk i framtida, var teke med, seier Nordang til NPK.

No håpar han berre at Stortinget gjer eit vedtak i saka som er i tråd med innstillinga til Sjøfartsdirektoratet.

– Dersom biogass skulle vere det einaste lovlege drivstoffet for cruiseskip i verdsarvfjordane, så kunne det har ført til katastrofe for turistnæringa. No ser det ut til at dei vil leggje seg på same lina som EU, og det er bra. Det ville ha vore heilt feil å ha unike reglar for verdsarvfjordane, legg Stranda-ordføraren til.

Direktoratet fekk i mars i fjor oppdrag frå Klima- og miljødepartementet å forme ut eit forslag til regelverk. Oppdraget omfatta også tilleggsvedtaka frå februar 2021 om å sikre cruisetrafikk i verdsarvfjordane også etter 1. januar 2026.

– Omsyn til cruisetrafikken

Direktoratet meiner forslaget dei no har sendt til Klima og miljødepartementet, tek omsyn til både kravet om nullutslepp og til cruisetrafikken.

Det har vekt sterke reaksjonar både i Geiranger og i Flåm at cruisetrafikken skal påleggjast så strenge utsleppskrav. Det har vore frykt for at cruisereiarlaga vil finne seg nye destinasjonar, der utsleppkrava er mindre strenge.

Cruisetrafikken betyr svært mykje for økonomien i desse områda, spesielt i Geiranger og Flåm.

– Sjøfartsdirektoratet har sjølvsagt teke på alvor vedtaka frå Stortinget og leverer no svaret vårt på det todelte oppdraget vi fekk frå departementet. Vi har sendt tilrådinga til vidare behandling og avgjerd, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Andre kvalifiserte drivstoff

Direktoratet har lagt fram to alternativ, og dei tilrår eitt av dei som dei meiner tek i vare omsynet til nullutslepp og vidare cruisetrafikk i verdsarvfjordane. Her går dei inn for at overgangsordninga blir utvida til også å omfatte det dei kallar andre kvalifiserte drivstoff, med utgangspunkt i definisjonar og krav i EUs regelverk.

I forslaget står det at det fram til 31. desember 2035 kan passasjerskip med bruttotonnasje på 10.000 tonn eller meir nytte energikjelder som biodrivstoff, biogass, fornybare drivstoff av ikkje-biologisk opphav eller drivstoff laga av resirkulert karbon.

Fleire cruiseskip kan gå i verdsarvfjordane enn om berre biogass kan nyttast i overgangsordninga, heiter det i forslaget.

Overgangsordning

Vidare står det i tilrådinga at direktoratet vurderer konsekvensen av den alternative overgangsordninga til å vere tilnærma lik den opphavlege ordninga, både når det gjeld å drive innovasjon og kutte utslepp.

Sjøfartsdirektoratet meiner at dette forslaget vil kome i møte ein stor del av høyringsinnspela i møte. I forslaget heiter det også at passasjerskip skal bruke landstraum der det er tilgjengeleg i verdsarvfjordane

(©NPK)