22 prosent er usikre på kva dei meiner, skriv FriFagbevegelse.

– Det ser ut til at vi har fått klart fram at vi streikar for at også dei med låge lønningar og utan lokal forhandlingsmakt skal få auka kjøpekraft. Eg kan berre seie at det er god stemning ute blant dei streikande, og at vi er klare til å halde denne streiken gåande veldig lenge. Då er det fint å sjå at vi har folket med oss, seier LO-nestleiar Steinar Krogstad.

600 personar har svart på undersøkinga Sentio har utført på oppdrag frå Fagforbundet og LO.

Rundt 25.000 LO- og YS-medlemmer har streika sidan måndag, og ytterlegare 17.000 blir tekne ut fredag.

(©NPK)