– Eit fokus på kjernekraft no vil vere ei avsporing frå løysingar vi treng for å unngå kraftkrise på 2030-talet, seier viseadministrerande direktør i NHO, Anniken Hauglie.

Måndag fekk ho ein rapport om kjernekraft som NHO har bestilt av Rystad Energy.

– Når stadig fleire peikar på kjernekraft som ei løysing, har vi vore nysgjerrige, men vi har sakna eit faktagrunnlag for å diskutere kjernekraft i ein norsk kontekst. Det har Rystad Energy levert, seier Hauglie.

I rapporten blir det konkludert med at kjernekraft er ulønnsamt med dagens kostnadsnivå.

– Teke i betraktning teknologisk umodnad, kostnader, tidslinje og norske behov, meiner vi at det ikkje er rett at staten prioriterer ressursar på utvikling av kjernekraft no, seier Hauglie.

– For dyrt

Ifølgje rapporten er kjernekraft dyrt samanlikna med fornybare energikjelder. Det har høge investeringskostnader og stor risiko for tids- og kostnadsoverskridingar, skriv Rystad Energy.

– Sjølv med optimistiske kostnadsestimat har kjernekraft total energikostnad på over 80 EUR/MWh, blir det fast slått.

Det svarer til med dagens kurs 93 øre per kWh, noko som rett nok er billigare enn det straumkundar i Sør-Noreg no for tida må betale for straumen.

Måndag er snittprisen 141 øre per kWh i dei to sørlegaste straumsonene i Noreg.

I rapporten heiter det at det på 2030-talet må visast eit lågare kostnadsnivå for at det skal vere relevant å satse ut frå eit kostnadsperspektiv.

Uvisse rundt små modulære reaktorar

Rapporten har også vurdert bruken av såkalla «små modulære reaktorar» (SMR).

«SMR kan vere ei løysing på utfordringane rundt tids- og kostnadsoverskridingar i kjernekraft», blir det slått fast.

Men det blir understreka at det er stor uvisse om kostnadsoverslaga.

– Rapporten viser at kjernekraft er dyrt, at SMR tek tid å utvikle og at den antakeleg heller ikkje vil bli billigare enn konvensjonell kjernekraft. Først når SMR er testa og bevist, kan vi seie om det eignar seg for Noreg, seier Hauglie.

Kan endre seg

NHO-direktøren ser ikkje bort frå at situasjonen vil endre seg i framtida.

– Tida får vise om teknologien blir konkurransedyktig, og om det kan bli aktuelt på lang sikt, seier ho.

Til så lenge meiner NHO at norske politikarar heller må arbeide for andre løysingar, som kan vere på plass raskare.

– Som vasskraft, vindkraft – på land og til havs, solkraft og energieffektivisering, seier Hauglie.

I februar konkluderte fleirtalet i den regjeringsoppnemnde Energikommisjonen også med at kjernekraft ikkje er ei løysing for Noreg no, men at ein bør følgje med på utviklinga.

Norsk Kjernekraft: – Bestillingsverk

Selskapet Norsk Kjernekraft AS, som jobbar for å byggje kjernekraft i Noreg, meiner det er «all grunn til å stille spørsmål ved formålet» med Rystad Energys rapport for NHO.

– Dette er eit bestillingsverk frå ein interesseorganisasjon som ikkje vil ha kjernekraft, utarbeidde av eit analysebyrå som ikkje vil ha kjernekraft, og som skal overleverast til eit departement som ikkje vil ha kjernekraft, seier administrerande direktør Jonny Hesthammer i ei pressemelding.

Han meiner at heile premissen for rapporten er feil.

– Medan Norsk Kjernekraft skal byggje små kraftverk med private midlar og privat risikokapital, antek Rystad feilaktig at formålet er å etablere eit statleg kjernekraftprogram der staten tek all finansiell risiko, seier han.

Organisasjonen Klimavenner for kjernekraft har varsla ein demonstrasjon i samband med framlegginga av rapporten. Dei meiner også det er snakk om eit bestillingsverk.

– Vi er skeptiske til kor nøytral denne rapporten vil vere, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

(©NPK)