– Folk køyrer som om dei har stole bilen. Det er skummelt. Eg går mange turar med barnevogn langs vegen og eg har vore ute for fleire hendingar. Det er ikkje trygt å gå her sånn som det er no, seier Eirin Hatlenes Jørgensen.

Måtte hive barnevogna i grøfta

Men sjølv om det er der det er smalast veg ho som oftast har opplevd farlege hendingar, betyr ikkje det at det er trygt der vegen er delt i to køyrefelt heller.

– Eg gjekk på tur lengre inne i fjorden, der det er gul delelinje. Då kom det bil bak meg og ein imot. Eg stoppa og forsikra meg om at han som kom bak meg såg meg og tenkte naturleg nok at han som kom imot meg såg meg også.

Det gjorde han ikkje, trass i at ho hadde på seg synlege kle og barnevogna var oransje.

– Han kom rett mot meg og slakka ikkje ned. Eg måtte hive barnevogna utfor vegen. Heldigvis var vi akkurat ved ei avkøyrsle. Hadde vi ikkje vore det, hadde det vore to meter ned i ei grøft. Men heller det enn at ho hadde blitt påkøyrt, seier ho.

Blir køyrt i staden for å bruke sykkel

Området Moldestad-Salt aleine er i dag heimstaden til rundt femten born i barnehage- og skulealder. I tillegg kjem alle som har tilhøyrsle til området og som er barn og barnebarn av dei som bur der.

Altså ligg mykje til rette for at desse ungane skal kunne ha ein sosial barndom med besøk hit og dit. Men å sleppe ungane aleine sit langt inne for foreldra.

– Det er eigentleg ei fallitterklæring, men vi må altså ta fram bilen kvar gang ungane skal ein plass som det vanlegvis berre hadde tatt nokre få minutt å sykle til, seier Bjørn Villard.

Busstopp utan sikt

Villard og familien hans bur like før staden vegen blir breiare, ved fiskeindustrien. Samtidig er denne plassen ein av dei mest utsette, nemleg på ein bakketopp i ein skarp sving der det i tillegg er busstopp for barna som skal til og frå Selje skule.

Politiet har fått beskjed

Det er altså ein kvardag fylt med angst og hjartet i halsen for dei som bur på strekka. Tilsvarande historier kunne sikkert blitt fortalt rundt heile Moldefjorden, men det desse foreldra har opplevd har vore så graverande at dei snart ikkje veit kva dei skal gjere lenger.

Politiet viser liten interesse for situasjonen, hevdar dei.

Eirin oppfordra dei sterkt om å legge inn nokre kontrollar for å ta dei som set livet til andre i fare.

– Svaret var at dei skulle ta det til etterretning, men eg har ikkje sett nokon kontroll. Eg trur eg berre kjem på at det har vore kontroll i Moldefjorden éin gang, og det var ein promillekontroll på Berstad for mange år sidan, seier ho.

Gang- og sykkelveg?

Dei tre foreldra vi møter veit ikkje akkurat kva som bør skje vidare i området no etter at dei har valt å fortelje sine historier. Både utbetringar av vegen og gang- og sykkelveg rundt fjorden blir nemnt, men som alle veit er dette prosjekt som tar tid og er kostbare..

Steg éin må då bli at dei som faktisk køyrer der, brukar vit, uansett kva stand vegen er i, meiner dei.