Investeringane i landanlegga gjer at smålaksen kan vekse seg større og meir robust før han blir sett ut i sjøen, skriv NRK.

Vanlegvis vert smålaksen sett i sjøanlegg når han er 100 gram, men hos Grieg Seafood får laksen vekse eit halvt år ekstra og bli ti gonger så stor. Tida i sjøen er også halvert frå to til eitt år.

Det er når laksen kjem ut i sjøen han møter på utfordringar som lakselus og sjukdommar som kan føre til for tidleg død. Slik det er no døyr kring 1 av 5 fem laks og situasjonen er verst på Vestlandet og i Ryfylke.

Grieg Seafood vil at innan 2027 skal all fisk som skal setjast ut i oppdrettsanlegga i sjøen vere på 1 kilo for å vere betre rusta til å møte utfordringane som ventar i merdane.

npk laks

(©NPK)