Denne problemstillinga blir teken opp under Oksvik-konferansen på Sjøholt tysdag 21. november.

Det er stiftinga Olav Oksvik Minnesamling som står bak denne årlege konferansen, som i år kan skilte med Mímir Kristjánsson, stortingspolitikar for partiet Rødt, og økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten som innleiarar.

Personlege erfaringar

Dessutan vil Heidi Hoem Bjurbeck, som sjølv har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon, fortelje kva det har gjort meg henne sjølv, familien og kvardagen hennar.

Representantar for organisasjonar som Kirkens Bymisjon, Røde Kors og NAV, som kjenner situasjonen lokalt, er også inviterte.

Spørsmål frå publikum

I siste del av konferansen vil publikum få sleppe til med spørsmål og kommentarar.

Debattleiar er Jan Erik Røsvik, politisk redaktør i Sunnmørsposten.

Stiftinga Olav Oksvik Minnesamling vart oppretta i 2011 for å ta vare på og formidle vidare arven etter politikaren og fylkesmannen. Oksvik vaks opp på Abelset i Ørskog, med barndoms- og ungdomstid her.