Ferjesambandet Eidsdal-Linge var innstilt fredag morgon.

Dette fordi ferja utførte ein beredskapstur for utrykkingskøyretøy natt til fredag – og ein då er pålagt kviletid. Ferja var innstilt til klokka 09.30, meldte Fjord1.

Det står bilar i kø på begge sider av fjorden, fekk Sunnmørsposten opplyst fredag morgon.

Sambandet har fleire gonger blitt stengt av same årsak. Gunnar Arntsen, som driv Storfjord Rør i Eidsdal, er blant dei som stussar over at denne praksisen får halde fram.

– Ja, jøje meg. Hadde ein stengt ei hovudåre ut og inn av ein by i tre timar hadde det blitt ramaskrik, seier han til Sunnmørsposten fredag morgon.

Han understrekar at mannskapet ikkje kan lastast, og skjønar at regelverket ligg der. Men han etterlyser likevel ei løysing.

– Folk går glipp av flyturar, bedrifter taper pengar. Sjølv har eg avtalt time for operasjon på Medi3 komande måndag. Skal eg tørre å ta sjansen på at ferja går, eller må eg overnatte i Ålesund? Dette er fortvilande! seier Gunnar Arntsen.

Det er Fjord1 som er operatør på sambandet og dei har søkt Sjøfartsdirektoratet om dispensasjon frå kviletidskrava, men i slutten av desember fekk dei avslag på søknaden.

– Det er sju ferjesamband i Møre og Romsdal som er beredskapssamband, inklusive Eidsdal-Linge, og eg var i kontakt med statsforvaltar Else-May Norderhus både muntleg og skriftleg same dag som avslaget kom, seier leiar for samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust (Frp).

– Så langt har eg ikkje fått svar, og no har eg nett purra. Det som skjer er ikke berre uhaldbart, det er fullstendig uhaldbart, legg han til.

Fjord-ordførar Terese Jemtegård Moen har kalla det «totalt uakseptabelt» at ferja ikkje kan gå om morgonen etter ambulanseoppdrag.

Dette bildet blei tatt på Linge ferjekai fredag morgon, like før første avgang. Då var det lang kø. Foto: Caroline Bjerk Maurstad

Les kva Sjøfartsdirektoratet svarer i denne saka: