Arrangementet er fortrinnsvis for dei som er einsame i jula – eller dei som er fattige. Tilbodet gjeld både for einslege, par og barnefamiliar.

– I fjor var vi 11. Så langt i år er det kome over 20 påmeldingar. Og vi har plass til mange fleire, legg David Roxx Reite til.

Han og Monica Corneliussen leiger det gamle Sportskapellet på Vaksvikfjellet i Ørskog, og har planane klare for jula:

Masse julemat

– Det blir servering av julemat, masse mat. Vi har fått sauekjøt frå ein bonde på Sjøholt. Og rimelege poteter frå Valldal. Andre har gjeve oss gåver og pengestøtte til denne julefeiringa.

Mellom anna opnar bruktbutikken på Sjøholt dørene for dei to slik at dei kan plukke med seg gratis det dei treng av julepynt og gåver til borna som måtte kome på julaftan.

Framleis tabu

– Så det er behov for eit slikt tilbod som dette?

– Ja, så absolutt. Det er dessverre framleis tabubelagt å vere einsam eller fattig. Dette veit eg alt om sjølv. Som 19-åring og rusmisbrukar gjekk eg ei jul som heimlaus på gata i Oslo. Det var vondt. Eg og Monica vil ikkje at andre skal oppleve det same. Difor dette tilbodet her hos oss i jula, seier David – opphavleg frå Volda.

David Roxx Reite og Monica Corneliusen framfor kafeen på Vaksvikfjellet i påska i år. Foto: Terje Engås / Arkiv

Alt er gratis

Paret lovar pinnekjøt og svineribbe til gjestane. Og alkoholfri drikke. Alt saman er gratis.

– Og dei som vil overnatte, skal få det, legg David Roxx Reite til.

PS. Når påska kjem neste år, vil paret opne kafeen att på Vaksvikfjellet – slik dei også gjorde det i år.