Opptaka har mellom anna gått føre seg på Runde og Remøya i Herøy, og på Rovde i Vanylven. Serien som kjem på fjernsyn til hausten, er basert på barneboksuksessen «Vaffelhjarte» av Maria Parr frå Vanylven.

– Det er så utruleg kjekt å få vere med på ei slik innspeling. Alt er gøy. Ingenting er keisamt, seier Simon Voldsund (10) frå Fosnavåg.

Plukka

Etter fleire rundar med audition, vart han og Dagni Myrene (8) frå Haddal, plukka ut blant hundrevis av håpefulle til å fylle hovudrollene som Trille og Lena.

– Eg hadde lyst å vere med i «Vaffelhjarte» for å verte kjend med nye folk, slik som Simon for eksempel, forklarer Dagni.

Ho blir kanskje bitte litt lei når ein scene må takast opp att og opp att, men synest som Simon at det er skikkeleg artig å vere skodespelar.

– Men å sjå seg sjølv på tv kan nok bli litt flaut, og så litt gøy samtidig, trur åtteåringen.

Statistar

Tysdag denne veka var gamle Remøy skule såkalla location for opptak. 30 barn frå Remøya brukte ein dag av vinterferien til å vere statistar – elevar på skulen til Trille og Lena.

– Vi har hatt fantastisk fine dagar her på Sunnmøre. Innspelinga har gått etter planen, seier prosjektleiar Cathrine Simonsen i NRK Super.

Ho fortel at dei er om lag 20 personar i filmteamet som skal sy saman den sju episodar lange serien.

Proffar

Barna i serien er amatørar, plukka ut gjennom audition. Dei vaksne er profesjonelle skodespelarar.

På Remøy skule møter Sunnmørsposten ein munter Nils Sletta, kjend frå tv-serien «Berlinerpoplene». Sletta spelar farfar til Trille i «Vaffelhjarte», og får brynt seg på sunnmørsdialekten.

– Det er vanskeleg å snakke sunnmørsk, men eg gjer så godt eg kan. Eg har fått litt undervising, og i tillegg høyrt på forfattar Maria Parr si innlesing av «Vaffelhjarte» på lydbok, seier Sletta.

Han er på Søre Sunnmøre for første gong, og har fått meirsmak.

– Eg ser fram til å kome tilbake hit til ny innspelingsrunde til sommaren. Eit par varmegrader til hadde vore fint.

Levande

Sletta kan ikkje få rost sine unge motspelarar nok, han skildrar både Dagni og Simon som verkeleg flinke skodespelarar.

– Dei er heilt proffe. Så utruleg levande heile tida, seier han.

Det er også andre kjende namn enn Nils Sletta på rollelista til «Vaffelhjarte», blant dei Anne Marit Jacobsen, Odd Nordstoga og Svein Roger Karlsen. Meir lokale er Silje Breivik og Ingrid Anne Yttri, som spelar mødrene til Lena og Trille.

Stilig

– Det er ganske stilig å få spele mot skikkelege skodespelarar, synest Simon.

Han synest også det er heilt greitt å få ha fri frå skulen ei stund, medan innspelinga går føre seg.

– Det er fantastisk bra undervising å få vere med på dette. Skulen er litt meir keisam, meiner 10-åringen.

TEAM. Innspelingsleiar Tom Jørgensen (t.v.) og reggisør Atle Knudsen (t.h.) har med seg eit filmteam på 20 personar for å lage barne-tv frå Sunnmøre. Foto: Knut Arne Aarset
BARNEPASS. Erik Slettebakk frå Moltu er tilsett for å passe spesielt på hovudrolleinnehavarane Dagni Myrene og Simon Voldsund under innspelinga. Foto: Knut Arne Aarset
STATISTAR. Tysdag stilte 30 barn frå Remøya opp for å vere statistar i skulemiljøet på gamle Remøy skule. Prosjektleiar Cathrine Simonsen, NRK Super, i gul jakke. Foto: Knut Arne Aarset
LEST BOKA. Lovise Høybakk Voldsund (12) og Torine Gundersen (11) fekk prøve seg som statistar. – Eg har lest boka «Vaffelhjarte» mange gonger, og no håper eg å sjå meg sjølv på tv, seier Torine. Foto: Knut Arne Aarset