For nokre år sidan malte Trine Røssevold eit portrett av biskop Ingeborg Midttømme og av tre andre framståande personar. Portretta vart malt til utstillinga «Promised land» på Kube i Ålesund i 2010. Alle fire er kledd i same type joggedress som asylsøkarar får tildelt når dei kjem til Norge.

No heng bispeportrettet på eit anleggsgjerde i Ålesund sentrum. Kunstnar Trine Røssevold seier til Sunnmørsposten at det er ho som har gjort det.

– Eg vil gjerne vere med og kommentere litt, seier Røssevold til Sunnmørsposten.

Framståande

Til utstillinga på Kube malte ho fire personar som har makt eller innverknad i lokalsamfunnet i Ålesund og omland. Røssevold fortel at ho malte alle fire i same litt anonyme joggedress, for at ikkje klesdrakta skulle gje personane identitet.

– Det er så mykje du kan seie med eit portrett, seier kunstnaren.

Ikkje tilfeldig

No heng originalen som ho måla av biskopen i 2010 på gjerdet.

– Men kvifor i himmelens namn har du no hengt det ut på denne måten?

– Det er ei lita nøtt til folk som har lyst til å lure på det, seier kunstnar Trine Røssevold på sedvanleg kunstnarvis.

Ho innrømmer at det ikkje er tilfeldig at ho gjer det akkurat no, rett etter at biskop Midttømme ikkje ville ordinere ein kvinneleg prest som har ein kvinneleg kjæraste.

Les også: Midttømme: Meiner eg har vore ryddigHelgapraten: Hanne Marie Pedersen-Eriksen (smp+)

– Også eg ønskte å uttrykke meg i den saka om tilsetjing av presten. Eg er også medlem i Den norske kyrkje, legg Trine Røssevold til.

– Dersom nokon opplever dette som respektlaust, kva tenker du om det?

– Det kan eg godt forstå om dei gjer.

Rett ved sidan av heng eit skilt med oppmoding om å bruke fortauet på andre sida av gata.

– Det er ikkje tilfeldig at eg heng opp det bildet sånn som eg gjorde, seier Trine Røssevold til Sunnmørsposten.

I 2010 viste kunstnar Trine Røssevold stolt fram portrettet av biskop Ingeborg Midtømme, på opninga av utstillinga «Promised land» på Kube i Ålesund. Foto: Maria Bratt
No heng ein kopi av maleriet på gjerdet rundt anleggsområdet til Aksla parkering i Ålesund sentrum. Foto: Staale Wattø