Fleire andre lokalaviser i Nordfjord og på Sunnmøre kan vere på veg i same retning. Fallande abonnentstal på papir og aukande satsing på nettdelen av avisene er den felles grunngjevinga for å redusere talet på papiravviser i veka.

Nødvendig

Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen seier til Nrk Sogn og Fjordane at endringane er nødvendige.

– Vi skal levere like mykje journalistikk som før. Men for å få til dei digitale grepa er vi nøydde til å gjere nokre endringar, og då reduserer vi talet papirutgåver frå tre til to, seier Flaten. Han trur likevel ikkje desse endringar vil vere starten på slutten for papiravisa.

– Ein reduksjon frå tre til to papirutgåver i veka er ikkje dramatisk, seier Flaten. Utgjevingsdagane for Fjordenes Tidende og Fjordingen vil frå mai i år vere tysdagar og fredagar.