Eid blir ein av 20 kommunar som får prøve ut røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunevalet i 2015. Ordninga vil gjelde nærare 200 ungdommar som fyller 16 eller 17 år i 2015.

– Dette var uventa og svært gledelege nyhende å få, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Kommunen var i første omgang ikkje plukka ut til å vere blant dei 20 forsøkskommunane, men fekk overta ein ledig plass etter at Gol trekte sin søknad.

– Ungdom fortener å sleppe til i lokaldemokratiet langt meir enn i dag. Det er bra for ungdom, og det er bra for lokalsamfunnet, meiner Bjørlo og viser til eit klart råd frå Ungdomsrådet i Eid om at røysterett for 16- og 17-åringar er viktig for å auke det politiske engasjementet blant ungdom.