Ubetalte krav på 4 millionar gjer at Stryn Sommarski har meldt oppbod. Det melde nettavisa Nett.no onsdag.

Styreleiar og dagleg leiar Ola Flo hadde ikkje tid til ein lengre prat med smp.no etter at kunngjeringa vart kjent, men hadde følgjande kommentarar.

– Har du tru på at det igjen vert drift ved sommarskisenteret?

– Ja, eg har faktisk det.

– Men avtalen med Idar Aaboen fell i fisk med dette?

– Ja, det blir opp til banken å ta opp det med han, svarar Flo.

Kortaste sesong nokon gong

Skjåkværingen Aaboen inngjekk ein intensjonsavtale tidlegare i år om å overta eigedelane ved skisenteret for berre ein halv million kroner.

Driftsselskapet Stryn Sommarskisenter gjekk konkurs tidlegare i år, og difor var det Stryn Sommarskisenter Eigedom som har drifta senteret i sommarens svært korte sesong.

Sesongen var over allereie 24. juni, og er den kortaste sesongen til senteret nokon gong. Omsetninga i år vart i underkant av ein million kroner.

– Det er bra med verdiar i selskapet med heisen, trakkemaskin og andre eigedelar.

Den dårlege sesongen er delar av grunnen til at Stryn Sommarski no skuldar 4 millionar kroner. Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard